Hordaland fylkesutval har samrøystes vedteke å fremja motsegn til helikopterlandingsplass ved Fossetrommi for å skjerma Vøringsfossplatået mot aktivitet som kan redusera opplevingsverdien av området. Fylkesutvalet har gjort vedtaket i samband med handsam
Fylkesutvalet ber om at det blir lagt særleg vekt på estetikk ved utforming av reiselivsanlegg og hytteområde i Sysendalen.
Fylkesutvalet viser til at det er gjort ei grovmaska registrering av automatisk freda kulturminne i samband med planarbeidet, og seier i vedtaket sitt:« Nyare tids kulturminne bør vurderast grundigare i samband med reguleringsplanarbeidet for det einskilde område. Hordaland fylkeskommune må ta eit generelt atterhald for endra arealbruk i høve til hittil ikkje registrerte automatisk freda kulturminne, og undersøkingsplikta etter kulturminnelova. § 9 må oppfyllast i samband med framlegg til reguleringsplan.»
Eit mindretal på sju (Ap, SV, Sp, V) i fylkesutvalet ville også ha med følgje punkt i vedtaket:
«Sysendalen er eit svært viktig område i reiselivssamanhang, der friluftslivkvalitetar, landskapsverdiar og estetikk må vektleggast. For å ta vare på desse kvalitetane fremjar fylkesutvalet motsegn til:
– Traktorveg sør for Bjoreio
– Nytt hytteområde ved Nyestøl og Sjursløkjen
Fylkesutvalet ber om at avgrensing av hytteområda sør for riksvegen vert vurdert på nytt.»
Forslaget fall då fleirtalet på åtte (Frp, H, KrF) røysta imot det.
Stanley Hauge