Hordaland fylkesutval krev i ei fråsegn til regjeringa at planane om å flytta fleire hundre arbeidsplassar frå Haakonsvern vert stoppa omgåande. Vedtaket, som også er stila til stortingsrepresentantane for Hordaland, var samrøystes.
Det var Gisle Handeland (Ap) som tok saka opp i fylkesutvalet 1. april. Vedtaket lyder:
«Fylkesutvalet har med sterk uro merka seg at fleire hundre arbeidsplassar skal flyttast frå Haakonsvern i samband med omstilling av Forsvarets logistikkorganisasjon. Dette vil få store konsekvensar for dei tilsette, men får også svært alvorlege følgjer for kompetansemiljøa i Bergen og på Vestlandet.
Fylkesutvalet kan ikkje sjå at flyttinga er i tråd med dei aktuelle stortingsvedtaka. Fylkesutvalet krev at flytteplanane omgåande vert stoppa.»
Stanley Hauge