Familien Cannon frå Edinburgh er i desse dagar i Bergen, som premie etter at Emma Cannon vann den årlege skrivekonkurransen i samband med tenninga av den norske julegrana i Edinburgh: Mora April (f.v.), Emma, broren Christopher (15) og faren John Cannon.
Konkurransen går ut på å skrive noko som viser tilknyting mellom Skottland og Noreg.
- Eg har skrive eit eventyr om den 12 år gamle jenta River Malden som reiser med familien frå Noreg til Skottland for å finne spor etter slektningar som i vikingtida slo seg ned på vestkysten av Skottland. Vikingane hadde med seg eit magisk tre som dei kalte Alfhild og som dei planta ved elvebreidda nær byen Ardemuchen, fortel Emma.
Original og interessant
- Dette er ein original og interessant historie som knyter Noreg til Skottland, kommenterer Espen Selvik som er vert for Emma og familien hennar under opphaldet i Bergen.
- Eg likar å skrive historier, fortel Emma og legg til at læraren hennar på skulen fortalde om konkurransen og at premien var ein tur til Noreg. Fleire andre i klassen deltok og.
Noreg i eit nøtteskall
I Bergen har ho og familien vore i heimen til Edvard Grieg, reist med Fløibanen, vore i badeland på Vestkanten. Dei har og teke turen ”Noreg i eit nøtteskall” og vore på Voss. Vidare planlegg dei å reise ut med båt og fiske.
Storhending
Mor til Emma, April Cannon, seier at vinterfestivalen med tenning av den norske julegrana i Edinburgh er ei storhending kvart år. Dette er første gongen dei er i Noreg. Dei er imponert over at Bergen er ein så fin og vakker by, og ikkje minst at alle snakkar engelsk.

Bjarte Brask Eriksen