«Aktive politikere er utelukket…»

Kultur- og kyrkjedepartementet har bede fylkeskommunen om forslag på statlege representantar til styret i Hordaland teater. I nemnde e-posten om saka skriv departementet: « Aktive politikere er utelukket fra å bli oppnevnt.» Dette reagerer eit samla Horda

I eposten der departementet ber om forslag på statlege representantar til styret, heiter det:
”Ved sammensetning av nye styremedlemmer vil departementet foruten administrativ, økonomisk og juridisk kompetanse legge vekt på bred kunstnerisk kompetanse. Det vil også bli lagt vekt på kjønnsbalanse og geografisk balanse. Aktive politikere er utelukket fra å bli oppnevnt.”

Gisle Handeland greip tak i dette i fylkesutvalet, og eit samrøystes fylkesutval vedtok i møte 1. april 2004 slik fråsegn:

«Fylkesutvalet har merka seg at departementet i sitt brev presiserer at aktive politikarar er utelukka frå å bli oppnemnde som statlege representantar for styret i Hordaland Teater AS.

Fylkesutvalet ber om å få opplyst kva som er bakgrunnen for ei slik presisering.

Fylkesutvalet ber og om å få opplyst kva departementet legg i omgrepet «aktiv politikar».»

Stanley Hauge

05.04.2004 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart