655.000 kroner til miljøtiltak i Hordaland

Kultur- og ressursutvalet i Hordalad har vedteke å vidareføre miljøtiltak innafor Lokal Agenda 21 og løyver 655.000 kroner til diverse miljøretta tiltak.


Handlingsprogram for Lokal Agenda 21 i fylket vert vidareført som ein del av fylket sin miljøpolitikk, og prioriteringane for 2004 er ei vidareføring av dei satsingsområda som ein har arbeidd med dei seinaste åra.

Kultur- og ressursutvalet har gjort slikt samrøystes vedtak:
1. Kultur –og ressursutvalet vedtek handlingsprogrammet for Lokal Agenda 21, og fordeler disponible midlar under post 60.4 miljø og naturressursar for 2004 slik:
Tiltak/prosjekt - Budsjett 2004
LA-21-tilskotsmidlar - 400 000 kr
Miljøpris for 2003 - 55 000 kr
Fylkesdelplan for energi - 50 000 kr
Miljøfyrtårn - 150 000 kr
SUM 655 000 kr

2. Følgjande frå kultur-og ressursutvalet vert oppnemnt til arbeidsutval for miljøpris
1. Turid Sveen Aase
2. Sigmund Olsnes
3. Ingebjørg Winjum
vara Filip Rygg

3. Lokal Agenda 21 og berekraftig utvikling må få ein sentral plass i arbeidet med ny fylkesplan

4. Kultur- og ressursutvalet bed administrasjonen om å greie ut om følgjande for utvalet ved neste møte:
- Kva har fylkeskommunen gjort for å nå sine mål om vindkraft?
- Bør det arrangerast ein konferanse mellom bransjefolk og lokalpolitikarar?

Eli Lothe

29.04.2004 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart