Kultur- og ressursutvalet i Hordaland har fordelt vel 2,7 millionar kroner til kulturhus og idrettsanlegg. Mest går til friidrettsanlegget ved Osterøy stadion med 1,5 millionar kroner.
Vedtaket var samrøystes og lyder slik:
Kultur- og ressursutvalet fordeler opptente rentemidlar kr 1.804.000 av inneståande spelemidlar til anlegg for idrett og fysisk aktivitet og inndregne midlar kr 826.000 i 2003, til saman kr 2.630.000 og kr 106.000 i rentemidlar 2003 av inneståande kulturhusmidlar til følgjande søkjarar:
1 Strandebarm Skytterlag, miniatyskytebane Strandebarm Idrettspl., Kvam herad kr 370 000
2 Osterøy IL, friidrettsanlegg Osterøy Stadion, Osterøy kommune kr 1500 000
3 Bømlo kommune, innendørs skytebane Bømlohallen, Bømlo kommune kr 26 000
4 Stord kommune, ljosanlegg Nyseter ungdomsskole, Stord kommune kr 55 000
5 Stord kommune, Hagastølen ballplass, Stord kommune kr 38 000
6 Radøy kommune, ljosanlegg Radøyhallen, Radøy kommune kr 18 000
7 Voss lag av Noregs Handicapforbund, turveg Skutlehytten, Voss kommune kr 284 000
8 KIL Hallen, normalhall Kaland, Bergen kommune kr 339 000
9 Fitjar Kulturhus, lokalt kulturbygg, Fitjar kommune kr 106 000
Eli Lothe