Slik omstillingsarbeidet er planlagt inneber dette at fylkeskommunen skal løyva inntil 75 % av det totale finansieringsbehovet som kjem fram gjennom søknad.
Fylkesutvalet har også vedteke at fylkeskommunen skal etablera eit program for «Omstilling og nyskaping», med vekt på ordningar som tidleg fangar opp behov for omstilling, samt verkemiddel tilpassa den einskilde kommune og region.
I saksutgreiinga vert det lagt opp til at følgjande kriterium skal leggjast til grunn for omstillingsprogramma:
A. Full omstillingsstatus
For å oppnå full omstillingsstatus, med omstillingsprogram inntil 6 år, skal reduksjon i talet på sysselsette vere minimum 10% over ein periode på 1-2 år med tidlegare vedvarande nedbygging av arbeidsplassar i området.
B. Omstillingsprogram 2-4 år
Områder som har hatt nedbygging av arbeidsplassar, samt ser ein reduksjon i
sysselsettinga på mindre enn 10% dei komande 1-2 år, kan få støtte til omstillingsprogram over ein kortare periode.
C. Konkrete omstillingsprosjekt
Kommunar/regionar med særlege problem, men i mindre omfang og kompleksitet, kan få støtte til gjennomføring av konkrete tiltak eller analyser/utgreiingar. SND sine tenesteprodukt frå regional omstilling vil også her vere aktuelle.
Stanley Hauge