Tretti nye medlemer i Hordaland fylkesting - auka deltaking i fylkestingsvalet

Hordaland fylkesting får tretti nye medlemer noko som utgjer 52,6 % av dei 57 representantane i tinget. Arbeiderpartiet og Fremskrittspartiet får begge 13 representantar. Elles er fordelinga slik: Høgre 11, Sosialistisk venstreparti 6, Kristeleg folkepart

Valdeltakinga ved fylkestingsvalet i Hordaland var i år på 57,74 prosent, noko som er 0,5 % prosent høgare enn i 1999 då deltakinga var 57,3 %. På landsbasis er det nedgang i valdeltakinga ved fylkestingsvalet frå 56,8 % i 1999 til vel 55 prosent i år.

24 av dei 57 representantane i fylkestinget er kvinner og 33 menn. Kvinnerepresentasjonen er dermed på 42,1 %, medan den var 46,3 % ved valet i 1999. Av dei 13 representantane til Fremskrittspartiet er 11 menn og 2 kvinner.

Ordninga med utjamningsmandat er teken bort frå dette valet. Dette fører til at langt færre kommunar vert representerte. 19 av dei 33 kommunane i fylket får medlemer i tinget, medan det i 1999 berre var Modalen som ikkje var representert.

21 av fylkestingsmedlemene, vel ein tredjedel, kjem frå Bergen. Elles er fordelinga slik: Stord 5, Os 4, Askøy 4, Kvinnherad 3, Fedje 2, Granvin 2, Lindås 2, Ullensvang 2, Voss 1, Austevoll 1, Bømlo 1, Fusa 1, Kvam 1, Masfjorden 1, Meland 1, Osterøy 1 og Radøy 1.

Fordeling av fylkestingsmedlemene etter liste og endring frå 1999, og fordeling menn-kvinner ved valet 2003:

ListeRepr. 2003EndringMennKvinner
Arbeiderpartiet13- 576
Fremskrittspartiet13+ 2112
Høgre11- 256
Sosialistisk Venstreparti6+ 133
Kristeleg folkeparti5- 432
Senterpartiet4- 122
Venstre2- 111
Raud Valallianse2011
Pensjonistpartiet1001

(Talet på representantar er redusert frå 67 til 57 ved dette valet.)
Den yngste representanten i det nye fylkestinget er Sunniva C. Schultze-Florey for Raud Vallallianse. Ho er fødd i 1984.

Valresultat Hordaland 2003, fylkestingsvalet
Fylkesvalstyret i Hordaland innstiller samrøystes på at fylkestingsvalet 2003 vert godkjent. Etter vallova skal det nyvalde fylkestinget føreta endeleg godkjenning av fylkestingsvalet. Det vil skje når tinget vert konstituert 15. oktober.

Resultat

Liste Røyster Prosent Endring frå 1999 Tal repr. Endr. repr.
A DET NORSKE ARBEIDERPARTI 44690 23,1 % -2,6 % 13 -5
SV SOSIALISTISK VENSTREPARTI 21541 11,1 % +3,1 % 6 1
RVRØD VALGALLIANSE 5312 2,7 % -0,5 % 2 0
SP SENTERPARTIET 12516 6,5 % -0,6 % 4 -1
KRF KRISTELIG FOLKEPARTI 16615 8,6 % -4,6 % 5 -4
V VENSTRE 6649 3,4 % -1,2 % 2 -1
H HØYRE 36922 19,1 % 0,0 % 11 -2
FRPFREMSKRITTSPARTIET 41699 21,5 % +4,9 % 13 2
KSP KRISTENT SAMLINGSPARTI 495 0,3 % 0,0 % 0 0
KYST KYSTPARTIET 1196 0,6 % 0,0 % 0 0
MDG MILJØPARTIET DE GRØNNE 902 0,5 % -0,1 % 0 0
NKP NORGES KOMMUNISTISKE PARTI 264 0,1 % -0,1 % 0 0
PPPENSJONISTPARTIET 4092 2,1 % +0,7 % 1 0
DEM DEMOKRATENE 622 0,3 % 0,0 % 0 0

Personrøyster gav utslag
Ordninga med personrøyster er slik at dersom ein kandidat får personsrøyster frå 8 prosent eller meir av veljarane til lista, vil vedkomande rykkja forbi kandidatar framfor seg. Personrøyster som utgjer mellom 0 og 8 prosent av røystetalet til lista, gjev ikkje utslag.

Torstein Dahle er valt inn som førstekandidat for Raud Vallallianse i fylkestinget. Dahle fekk 552 personrøyster og rykte med det opp frå sisteplass på lista til førsteplass. 10,4 % av dei som har røysta på RV har gjeve Dahle eit ekstra kryss. RV sin førstekandidat Sunniva C. Schultze-Florey vert RV sin andre fylkestingsmedlem, medan andrekandidaten Sigurd Solberg frå Voss vert første varamedlem.

Mange veljarar har nytta seg av høvet til å gje personrøyster. Først og fremst er det førstekandidatane som har fått mange personrøyster. I høve til rekkjefølgja partia har nominert kandidatar i, er det berre RV dette fører til endringar for.

Terje Søviknes (Frp) fekk 8 111 personrøyster, det vil seia at 19,4 % av dei som røysta Frp har gjeve han ekstrakryss. I Frp fekk elles Roald Steinseide 772 personrøyster og Helge Andre Njåstad 764.

Magnar Lussand (Sp) fekk 1 569 personrøyster (12,5 %) og Bente Bondhus (Sp) 719.
Gisle Handeland (Ap) fekk 2 463 personrøyster (5,5 %).
Tom-Christer Nilsen (H) fekk 1 704 personrøyster (4,6 %).
Torill Selsvold Nyborg (Krf) fekk 1 105 personrøyster (6,6 %).
Torill Otterskred (SV) fekk 1 326 personrøyster (6,2 %).
Harald Hove (V) fekk 414 personrøyster (6,2 %).
Turid Sveen Aase (Pensjonistp.) fekk 160 personrøyster (3,9 %).

Representantar i fylkestinget:


Det norske Arbeiderparti
01 Gisle Handeland 1943 Fylkesordførar Fedje
02 Joril Christensen 1971 Kontorsekretær Bergen
03 Hans Otto Robberstad 1947 Mekanikar Bømlo
04 Bente Krokeide (ny) 1948 Undervisn.insp. Bergen
05 Sigmund Olsnes 1943 Opplæringsleder Bergen
06 Torill Vebenstad 1955 Rådgiver Askøy
07 Hans Erik Ringkjøb (ny) 1970 Forvaltningsrevisor Voss
08 Trond Hjelmeland (ny) 1969 Grunnarbeider Bergen
09 Liv Oda Dale 1956 Kontorfullmektig Masfjorden
10 Runar Erstad Slethei (ny) 1981 Førstesekretær Bergen
11 Terje Olav Hermansen 1951 Prosjektleiar Os
12 Natacha Vallebona Rivera (ny) 1972 Produsent Bergen
13 Tordis Nysæter 1940 Konsulent Stord

Fremskrittspartiet
01 Terje Søviknes 1969 Ordfører Os
02 Roald Stenseide 1956 Næringsdrivende Askøy
03 Jan Koløy 1940 Handelsmann Kvinnherad
04 Anne Grethe Hauan (ny) 1966 Student Stord
05 Stig Høgholm 1954 Vedlikeholdsleder Bergen
06 Helge Andre Njåstad (ny) 1980 Daglig leder Austevoll
07 Ottar Magnar Tangen 1947 Rådgjevar Fedje
08 Monica Nilsen (ny) 1959 Husmor Bergen
09 Georg Indrevik (ny) 1939 Kjemiing./bedr.økon. Fjell
10 Ragnar J. Tyssebotn (ny) 1949 Daglig leder Osterøy
11 Bjørn Arne Aakvaag (ny) 1942 Skytebas Lindås
12 Gustav Bahus 1958 Boreing./lærer Os
13 Dagfinn Vik (ny) 1943 Pensjonist Kvam

Høyre
01 Tom-Christer Nilsen 1969 Siviløkonom Askøy
02 Kjellaug Holm 1941 Førstekonsulent Ullensvang
03 Jannicke Haugan Larsen (ny) 1979 Student Bergen
04 Stein Inge Ryssdal 1958 Sivilingeniør Bergen
05 Berit W. Eldøy 1949 Konsulent Stord
06 Lars Inge Bremnes (ny) 1981 Student Bergen
07 Bente Gunn Håtuft 1955 Ledende helsesøster Lindås
08 Svein Egenberg (ny) 1960 Selvst. næringsdriv. Bergen
09 Eli Årdal Berland (ny) 1952 Regnskapsansvarlig Fjell
10 Mette Nora Sætre (ny) 1964 Senterleder Bergen
11 Arne Havnerås (ny) 1955 Hotellsjef Kvinnherad

Kristeleg Folkeparti
01 Torill Selsvold Nyborg 1951 Fylkesvaraordfører Fjell
02 Pål Kårbø 1973 Siviløkonom Meland
03 Oddvar Johan Jensen 1950 Førsteamanuensis Askøy
04 Grethe Lunde (ny) 1960 Student Radøy
05 Filip Rygg (ny) 1983 Student Bergen

Pensjonistpartiet
01 Turid Sveen Aase (ny) 1945 Bergen

Raud Valallianse
01 Sunniva C. Schultze-Florey (ny) 1984 NDT-lærling Bergen
02 Torstein Dahle (ny) 1947 Siviløkonom Bergen

Senterpartiet
01 Magnar Lussand 1945 Granvin
02 Bente Bondhus 1956 Kvinnherad
03 Anbjørg R. Hjellestad (ny) 1950 Bergen
04 Jakob Bjelland (ny) 1972 Stord

Sosialistisk Venstreparti
01 Torill Otterskred (ny) 1962 Os
02 Bjørn Lothe 1952 Ullensvang
03 Mette Holmefjord Olsen 1952 Fusa
04 Jorge Del Pino Morales (ny) 1962 Stord
05 Liv Glasser (ny) 1939 Bergen
06 Kim Eirik Størksen (ny) 1978 Bergen

Venstre
01 Harald Hove 1949 Advokat Bergen
02 Ingebjørg Winjum (ny) 1952 Sosionom Granvin

Stanley Hauge

19.09.2003 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart