Positiv til steinbrot og kai i Fitjar

Hordaland fylkesutval har ingen vesentlege merknader til konsekvensutgreiinga for etablering av steinuttak og tilhøyrande hamneområde ved Raunholmen i Fitjar kommune. Vedtaket vart gjort med 14 mot ei røyst (SV).

Motverke negative konsekvensar
Fylkesutvalet ber om at det vert lagt vekt på å motverke negative konsekvensar for landskap i det vidare arbeidet med konsesjonssøknad og reguleringsplan.

Positive konsekvensar
Fylkesutvalet viser til mål i fylkesplanen om utnytting av steinførekomstar og dei positive konsekvensane for næringsliv og sysselsetjing lokalt som er påvist og tilrår at det blir arbeidd vidare med planane for steinuttak.

Sysselsetjing
I saksutgreiinga vert det vist til at dei positive konsekvensane er knytt til sysselsetjing av 30-50 personar i 30-60 år og verknader for lokalt næringsliv. Dei negative er knytt til landskapsinngrep særleg sett frå skipsleia i Langenuen og vestsida av Tysnes. Inngrepsfrie område vil også bli redusert.

Utsetjing avvist
Magnar Lussand (Sp) føreslo å utsetja handsaminga av saka for å få ho betre utgreidd. Dette vart avvist med tolv mot tre røyster (Sp, SV og V.)

Fråsegn
Vedtaket i fylkesutvalet er ei fråsegn til konsekvensutgreiinga som Bergvesenet har sendt på høyring. Konsesjonssøknad og reguleringsplan vil fylkeskommunen ta stilling til når dei føreligg.

Stanley Hauge

26.09.2003 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart