Nye storbilløyve til Norgestaxi

Hordaland fylkesutval har vedteke at fem av reservedrosjeløyva som vart oppretta i samband med evalueringa av drosjesituasjonen i Bergensområdet i 1999 skal lysast ut som storbilløyve tilknytt Norgestaxi Bergen. På desse drosjeløyva skal det registrerast

Kritisk
Fylkesutvalet ser kritisk på situasjonen når det gjeld oppstillingsplassar for drosjane i Bergen sentrum og ber om at Bergen kommune set i verk tiltak som snarast kan betra denne situasjonen.

Evaluering
Konkurransesituasjonen mellom sentralane i Bergensområdet skal evaluerast snarast mogleg og seinast våren 2004. Løyvetalet i Bergen skal vurderast etter at gjennomføring av dei nye rammevilkåra er sluttført 1. september 2004.

Askøy
Fylkesutvalet ber om at drosjesituasjonen på Askøy vert følgd opp vidare av fylkesadministrasjonen som ledd i arbeidet med å utarbeida rutinar for meldeprosessen ved brot på kjøreplikta slik at det i ettertid kan etablerast effektive rutinar i samband med tilbakekalling av drosjeløyve.

Utsetjing
Forslaget frå komiteen for miljø og samferdsel om å tildela Norgestaxi Bergen AS 25 nye hovuddrosjeløyve vart utsett, og kjem opp att til handsaming seinare i haust.

Stanley Hauge

25.09.2003 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart