Skal Vestlandet ha eigen kulturpolitikk? Korleis skal Vestlandet ta eit større sjølvstendig ansvar for mål, resultat og verkemiddel i kulturpolitikken? Dette vart diskutert på eit møte skipa til av Hordaland fylkeskommune tysdag 30. september.
Skisse
Det er Vestlandsrådet som har teke initiativ til å drøfte kulturpolitikken på Vestlandet. Ei arbeidsgruppe har utarbeidd ei skisse til ei kultursatsing i regi av Vestlandsrådet. Det vert her teke sikte på å utvikle ein sjølvstendig regional kulturpolitikk for Vestlandet. Før handlingsplanen vert endeleg vedteke, skal offentlige og private aktørar trekkast med i prosessen. Dette drøftingsmøtet var eit ledd i dette arbeidet.
Deltakarar
På møtet deltok mellom anna fylkesordførar Gisle Handeland, fylkeskultursjef Ingebjørg Astrup, Anne-Grete Strøm Erichsen, byrådsleiar Bergen kommune, Georg Arnestad, kulturforskar Vestlandsforsking, Jorunn Haakestad, direktør Vestlandske kunstindustrimuseum, Olav Steinar Namtvedt, ordførar Radøy, Gunnar Staalesen, forfattar, Line Sandsmark, kunstnerisk ansvarleg Vest Norsk filmsenter og Anna Elisa Tryti, generalsekretær Noregs Musikkorpsforbund.
Les kva Bergens Tidende skriv om møtet