Ny kulturpolitikk for Vestlandet

Skal Vestlandet ha eiga kulturpolitikk? Korleis skal Vestlandet ta eit større sjølvstendig ansvar for mål, resultat og verkemiddel i kulturpolitikken? Dette blir diskutert på eit møte skipa til av Hordaland fylkeskommune tysdag 30. september.

Møte blir på Hotell Augustin, C. Sundtsgate 22/24, Bergen, mellom klokka 10.00 og 14.00. Det er Vestlandsrådet som ønskjer å drøfte kulturpolitikken på Vestlandet.

Ei arbeidsgruppe har utarbeidd ei skisse til ein kultursatsing i regi av Vestlandsrådet. Det vert her teke sikte på å utvikle ein sjølvstendig regional kulturpolitikk for Vestlandet. Før handlingsplanen vert endeleg vedteke, skal offentlige og private aktørar trekkast med i prosessen. Dette drøftingsmøtet er eit ledd i dette arbeidet.

Målgruppe for møtet er sentrale personar i kulturorganisasjonar og kulturinstitusjonar, kommunale kulturleiarar, politikarar, media og andre med interesse for temaet.

Møteleiar er strategi- og utviklingsdirektør i Hordaland, Jan Per Styve

Program
10.00 Opning
10.10 Kva vil vi med Vestlandsrådet - Fylkesordførar Gisle Handeland
10.40 Ein kulturpolitikk for Vestlandet - Fylkeskultursjef Ingebjørg Astrup
11.15 Lunsj
11.45 Paneldebatt
- Kvifor skal vi ha ein regional kulturpolitikk for Vestlandet? Kva bør stå i fokus.
I panelet:
Anne-Grete Strøm Erichsen, byrådsleder Bergen kommune
Gisle Handeland, fylkesordførar Hordaland fylkeskommune
Georg Arnestad, kulturforskar Vestlandsforsking
Jorunn Haakestad, direktør Vestlandske kunstindustrimuseum
Olav Steinar Namtvedt, ordførar Radøy
Gunnar Staalesen, forfattar
Line Sandsmark, kunstnerisk ansvarleg Vest Norsk filmsenter
Anna Elisa Tryti, generalsekretær Noregs Musikkorpsforbund
Leiar av panelet: Per Jon Odeen,journalist
14.00 Slutt

26.09.2003 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart