Svært uheldig
Denne tilrådinga frå komiteen til fylkesutvalet og fylkestinget er mot dei to røystene til RV og SV. Komiteen ser positivt på at transportplanen legg vekt på styrking av drift og vedlikehald av vegane, men ser det som svært uheldig og kan ikkje akseptere at rammene til nye veganlegg blir tilsvarande redusert. Omfordelinga av pengar til stamvegnettet frå resten av riksvegnettet går og komiteen sterkt imot. Den meiner at auka satsing på stamvegnettet må kome gjennom auka rammer.
Vossepakka
Transportplanen legg opp til at Vossepakka, med mellom anna bompengar og stamvegtunnel bak Vossevangen, blir utsett til etter 2009. Dette kjem overraskande på komiteen som ber om omprioritering slik at dei statlege pengane til bompengepakka hovudsakleg blir sett av i perioden 2006-2009. Vossepakka vil koste rundt 700 millionar kroner.
Krev byggestart i 2005/2006 for Bergen – Os
Den nye stamvegen mellom Os og Bergen er planlagt bygd i siste del av 10 årsperioden. Komiteen protesterer og vil ha byggestart i 2005/2006 med grunngjeving i at dette er eitt av dei viktigaste prosjekta på E39 mellom Bergen og Stavanger. I tillegg til statleg finansiering ber komiteen om vurdering av alternative finansieringsløysingar.
Uro for Bergensbana
Utviklinga for Bergensbana er komiteen uroa over og reagerer på reduserte rammer til investeringar. Komiteen krev langt større satsing og understrekar særleg behovet for byggestart for Ringeriksbana i perioden 2006/2009, auka rammer for utbetring av stasjonsområdet på Voss, nytt kryssingsspor i Arna og pengar til å starte bygging av ny tunnel gjennom Ulriken.
Hamnestruktur
Den nye hamnestrukturen med berre eitt knutepunkt for utanriks containertransport på Vestlandet går komiteen imot. Komiteen vil heller, gjennom ulike virkemiddel og tiltak, utvikle eksisterande hamnestruktur med fleire hamneknutepunkt for utanriks godstransport.
Saka går vidare til fylkesutvalet 25. september og fylkestinget 14. oktober.
Bjarte Brask Eriksen