Hordaland tek i bruk morgondagens skule

- No går vi inn i det som er morgondagens skule, sa fylkesordførar Gisle Handeland då han trykka på knappen som opna ”Skoleportalen”, det nye, elektroniske klasserommet i dei vidaregåande skulane i Hordaland.

Skoleportalen vart opna av fylkesordførar Gisle Handeland (t.v. på biletet). Elev Heidi Høyheim, konst. opplæringsdirektør Svein-Erik Fjeld og prosjektleiar Kjetil Brathetland deltok under opninga.

25.000 brukarar
Denne veka vart det elektroniske klasserommet lansert på Årstad videregående skole (samanslått av Bergen yrkesskole og Krohnsminde videregående skole). Skoleportalen er tilgjengeleg for 25.000 elevar, lærlingar og lærarar og har alt dei treng i den daglege undervisinga. Læraren styrer undervisinga frå datamaskinen, og eleven finn alt han/ho har bruk for der.

Føregangsfylke
- Å lære seg dei digitale kunnskapane blir akkurat som å lære å lese og skrive. Vi har bygd ut den elektroniske motorvegen i fylket. No skal vi ta innhaldet på den i bruk. Dette er det mest komplette elektroniske pedagogiske verktøyet i kongeriket Noreg og plasserer Hordaland på kartet som føregangsfylke. Vi ligg langt foran, og eg trur ingen slår oss, sa fylkesordføraren.

Å gjere skulen god
Konstituert opplæringsdirektør Svein-Erik Fjeld kom inn på utbygginga av breiband i fylket.
- Teknologien tek fart og tek oss til stader vi ikkje ha vore før. Det vi opnar her i dag, er eit pedagogisk verktøy som skal bringe elevar, lærlingar og lærarar framover, sa Fjeld.
Prosjektleiar Kjetil Brathetland understreka at Skoleportalen skal gje enkel og oversiktleg tilgang til dei reiskapane som er mest brukt i skulekvardagen. It-sjef Svein-Åge Nottveit sa at målet har vore klart: Å gjere skulen god!

Kvar som helst i verda
Skoleportalen kan nyttast frå datamaskin kvar som helst i verda og inneheld fag- og temabank for alle skulefag, e-læringsplattform til å lage virtuelle fag/prosjekt/klassar, publiseringsverktøy for websider, e-post, kalender og personleg heimeside. Det virtuelle klasserommet ”It’s learning” er levert av bergensfirmaet IT:Solutions. Publiseringsverktøyet ”eCubes” er levert av Ementor. Skoleportalen finn du på www.skoleportalen.no.

Sjå videofilm av den offisielle opninga

Bjarte Brask Eriksen

03.09.2003 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart