Fylkesordførar Gisle Handeland ønskjer fortgang i saka om bygging av gassferjer og tek saka opp med samferdselsminister Torild Skogsholm. - Gassferjer er enormt viktig for miljø, sysselsetjing og utvikling av norsk gassteknologi, seier Handeland.

I brev til samferdselsminister Torild Skogsholm ber fylkesordføraren om at samferdselsministeren no gir klarsignal for bygging av nye miljøvennlege gassferjer. Det var i samband med det reviderte statsbudsjettet tidlegare i år at Stortinget gav samferdselsstyresmaktene fullmakt til å inngå avtale om bygging av gassferjer.
Halhjem – Sandvikvåg
Fylkesordføraren er kjent med at Stavangerske og HSD i fellesskap har forslått ei løysing for Vegdirektoratet om bygging av store hurtiggåande gassferjer på stamvegsambanda på Boknafjorden og Halhjem – Sandvikvåg.
Mindre ureining og auka sysselsetjing
Ei slik løysing inneber at stortingsvedtaka knytta til gassmeldinga i vår, og til revidert statsbudsjett for 2003 vert følgt opp. Gassferjer på desse senetrale sambanda representerer vesentlege miljøgevinstar mellom anna i form av reduserte NOx-utslipp. Ei slik statleg satsing på ny teknologi innan skipsbygging vil og vere eit enormt viktig bidrag med tanke på sysselsetjinga i verftsindustrien på Vestlandet og for vidareutvikling av norsk gassteknologi, skriv Handeland i brevet til samferdselsministeren.
Bjarte Brask Eriksen