Fire ekstraklassar for lærlingar

Hordaland fylkeskommune opprettar fire VKII-klassar for å gje lærlingar som ikkje har fått læreplass, høve til sluttopplæring. Klassane skal starta så snart som mogleg.

Fylkesutvalet har godkjent at det vert oppretta ein klasse VKII elektrikar ved Rubbestadneset yrkesskule, ein klasse VKII reparasjon av lette køyretøy ved Norheimsund vidaregåande skule, ein klasse VKII institusjonskokk ved Rogne vidaregåande skule på Voss og ein klasse VKII IKT-driftsfag II ved Bergen tekniske fagskole.

Fylkesutvalet har løyvd 887 217 kr til dekking av kostnadene med klassane resten av 2003.

Stanley Hauge

29.09.2003 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart