
I 34 år har Nils Georg Brekke har ruva som ein markant person innan kulturlivet i Hordaland og på Vestlandet. Han har stadig gått nye vegar, tenkt i nye baner – og ikkje minst realisert store prosjekt, som mellom anna Kulturhistorisk vegbok og Lyngheisenteret.
Fylkesrådmann Paul M. Nilsen har kika litt i personalmappa til Brekke.
- Faktisk var det ikkje berre ei mappe, det var to. Mappene fortel om ein person som har arbeidd med ei mengd prosjekt og som har skrive mange søknader. Du har utmerka deg som ein dyktig fagperson, og ein som heile tida ville gjera noko meir enn det som låg i jobben din. Vi i leiinga må generelt ta sjølvkritikk på at vi er for passive i høve medarbeidarar som vil noko ekstra, sa Nilsen, før han overrekte gåva frå fylkeskommunen, eit flott porselenfat.
Fylkesordførar Gisle Handeland streka under at Nils Georg Brekke gjennom sitt arbeid har makta å føra fortid inn i notid.
- Du har bygt ein ny kulturpolitisk identitet for Vestlandet. Takk for godt samarbeid, takk for din væremåte, dine mange idear og arbeid, sa Handeland.
Nils Georg Brekke har no gått inn i stilling som rådgivar i fylkesadministrasjonen.
- No skal eg arbeida med ein del større prosjekt i inn og utland. Mellom anna er eg i gang med å skriva Naturhistorisk vegbok. Den kjem ut til jul 2004. I tillegg skal vi skriva bok om Folgefonna. Eg må innrømma eg hugsar dårlegare no enn tidlegare, men eg skriv betre, humrar han.
- Fylkesrådmannen sa at arbeidsgivar har vore passiv i høve tilsette som vil noko ekstra. Eg vil replisera at det har vore ei gleda for meg å få arbeida under eit klokt leiarskap i alle mine år i fylkeskommunen.
Det var i mai 1969 Nils Georg Brekke blei tilsett som fylkeskonservator, då hos Fylkesmannen i Hordaland. Då fylkeskommunen blei oppretta i 1975, gjekk denne stillinga og Brekke over til dette forvaltningsnivået. I 1993 blei Brekke direktør i Kulturlandskapssenteret.
Nils Marton Aadland