
- Vi har baksa med kvarandre i 12 år, sa personaldirektør Geir Davidsen (biletet) og takkar Oddny Miljeteig for innsatsen som hovudtillitsvald for 2000 medlemmer innan barne- og familievernet i Hordaland.
2000 medlemmer
Miljeteig har vore hovudtillitsvald for 2000 medlemmer innan barne- og familievernet, men går no av for å satse for fullt på politikken i Bergen bystyre. Men sjølv om ho har vore sint i lønstingingane med fylkeskommunen, har ho og mykje godt å seie om Hordaland fylkeskommune som forhandlingspartnar.
Ikkje ein einaste arbeidsrettssak
- Dette er dei 12 beste åra i livet mitt. Fylkeskommunen har vore ein god motpart. Den har vore tydeleg og alltid stått ved sitt ord. Det er det beste kvalitetsstempel ein arbeidsgjevar kan få. I desse 12 åra har vi heller ikkje hatt ein einaste arbeidsrettssak i fylkeskommunen. Det seier noko om fylkeskommunen som arbeidsgjevar, seier Oddny Miljeteig.
Fekk ut av potten det som aldri var der
Under eit festleg samkome i Bergen Kongress Senter takka personaldirektør Geir Davidsen for dei 12 åra Miljeteig har vore hovudtillitsvald.
- Det er ei glede for meg som arbeidsgjevar å få ordet og behalde ordet. Vi har baksa med kvarandre. Oddny har sett sine spor og stilt opp for medlemmene sine. Ho har dratt ut av potten det som aldri var der. Eg, som arbeidsgjevar, har svelgt kamelar, men vi har behov for slike som gjev beskjed. Ho har gjort kjempeinnsats for medlemmene sine og hatt fokus på likeløn og rettferd. Oddny er forutsigbar og slagkraftig, sa Davidsen.
Stolt barneverndirektør
Barneverndirektør Arne Andersen sa at han har hatt kontakt med Miljeteig sidan ho byrja som hovudtillitsvald for 12 år sidan.
- Ho har alltid stått på for å løyse oppgåvene til det beste for det enkelte individ. Eg håpar du aldri gløymer barnevernet. Eg er stolt av deg fordi du har kjempa for at fylkeskommunen skal ha barne- og familievern. Håpar du får eit skikkeleg verv i det nye bystyret, sa Andersen.
Bjarte Brask Eriksen