I desse dagane går Europadagane 2003 av stabelen ved Stord vidaregåande skule. 80 elevar frå ulike land i Europa er gjestar ved skulen. Måndag 15. september opna Europadagane på Vikahaugane Stord Sportssenter med fleirkulturell og storslått song, dans, ta

På biletet dansar syskenparet Timur og Danisa Efimova dansa tradisjonell russisk dans under den flotte opninga av Eurodagane.
Feiande flott opning
Showet starta med fullsett sal og med gjester, vertsfamiliar, elevar og tilsette ved Stord vidaregåande skule. Dei første til å entre scena i staselege bunadar og festklede var ei blåsegruppe frå Langeland skulekorps og musikklina frå skulen. Dei framførte ”Brudemarsj” laga av Jan Magne Førde. Etter brudemarsjen fekk me sjå seksmannsreel akkompagnert av felespel og norske folketonar.
Rektor Egil Y. Bergesen og elevrådsleiar Marte Helland Olsen ønskte velkomen, og ein spøkefull ordførar Rommetveit var stolt av å kunne vere vertskap for eit internasjonalt besøk.
Europa i variasjon
Loulia Goriatcheva (16) song klokkeklart iført russisk nasjonaldrakt til stor applaus frå publikum. Ho vart etterfølgt av syskenparet Timur (13) og Danisa (11) Efimova som framførte tradisjonell russisk dans på imponerande vis.
Elevane frå Lollar i Tyskland takka for at dei fekk vitja Stord, og såg fram til ei spanande og annleis veke. Dei tyske utsendingane hadde ordna ei spesiell gåve til skulen; eit puslespel med motiv av vertselevane til minne om besøket. Etter Tyskland framførte ei jentegruppe frå Finland ein moderne dans til ”The Weather Girls” sin hit ”It’s Raining Men” til stor glede for den maskuline delen av publikum.
Fargerikt
Dei portugisiske ungdommane ønskte å setja fokus på kvardagsrasisme og intoleranse. Gjennom to sketsjar dramatiserte dei tekst lest opp av medelevar. Den alvorlege bodskapen skein gjennom dei humoristiske innslaga.
Italia var representert med to skular. Dei hadde to vidt forskjellige måtar å presentera landet sitt på, båe variert og fargerike. Den sentrerte skulen Monza viste den svært populære dansen Tarantella. Etter det song dei Italia sin nasjonalsong. Den andre skulen, Sesto Fiorentino viste eit gjøglernummer.
Showet blei avrunda av Langeland skulekorps og musikklina ved vidaregåande. Konferansier Kathrin Isdal tvinna det heile saman til ei flott førestilling, og lovde alle ei fin veke med mange spanande opplevingar.
Sjå bilete frå Eurodagane 2003 på Stord
Avisredaksjonen Europadagane 2003