Vestlandsrådet noko av det viktigaste som har skjedd

- På vår kant av landet er kanskje etableringa av Vestlandsrådet noko av det viktigaste som har skjedd, sa fylkesrådmann Paul M. Nilsen i talen under opninga av fylkestinget i Bergen 14. oktober.

Straks slutt
Inneverande fireårsperiode for fylkestinget er straks slutt, og fylkesrådmannen nytta høvet både til ei kort oppsummering og til å sjå litt framover. Det første året av den nye fylkestingsperioden skal Hordaland ha formannsvervet i Vestlandsrådet.
- Gjennom Vestlandsrådet kan vi få eit nytt, politisk nivå. Nokre meiner at dette nye organet bør styre unna saker der den politiske usemja er stor. Ei slik forsiktig tilnærming til regional samling kan verke fornuftig, men eit politisk organ utan usemje er ei sjølvmotseiing. Det blir spannande å sjå om det er vilje og kraft nok i Vestlandsrådet til å utvikle ein ny politisk plattform på regionalt nivå.

Store omveltingar
Om denne fireårsperioden sa fylkesrådmannen at den har vore prega av store omveltingar for fylkeskommunen.
- Det mest synlege er at oppgåver overførast frå fylkeskommunen til staten og at det frå neste år blir gjennomført ei rekke forsøk som på forskjellig måte bryter opp dagens system.

Avpolitisering
Men ikkje alle endringane er like synlege, sa fylkesrådmannen.
- Ei mindre synleg endring er at fleire og fleire oppgåver blir flytta meir eller mindre ut av den direkte politiske påverknad og inn i embetsverket. Eit helsevesen eller eit barnevern som har ein minister som politisk kontaktpunkt er avpolitisert i dei aller fleste enkeltsaker, anten dei er store eller små. Samstundes med at oppgåvene blir overført til staten og graden av fridom i lokalpolitikken snevrast inn, innfører enkelte fylkeskommunar og kommunar eit parlamentarisk styringssystem for det som er att. Det verkar som eit paradoks, sa fylkesrådmann Paul M. Nilsen mellom anna i talen til det avtroppande fylkestinget.

Les heile talen til fylkesrådmann Paul M. Nilsen under opninga av fylkestinget 14. oktober 2003

Bjarte Brask Eriksen

14.10.2003 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart