Takstane for reiser med buss og båt skal stiga med 2,5 % frå 1. januar 2004, går det fram av fylkesrådmannen sitt forslag til samferdselsbudsjett for neste år. Periodekort for born under 16 år vert føreslege innført i 2004. Men ein føresetnad for å innfør
2 prosent meir til samferdsel
Samferdselsbudsjettet for 2004 er på 584 mill. kr, ca. 2 prosent auke frå i år. Løyvingane til ulike føremål er i hovudsak førde vidare på årets nivå. Kostnaden med skyss til vidaregåande skule aukar med ca. 4,5 mill. kr som følgje av takstauke og 3,2 % auke i talet på elevar under skyssordninga.
Prøveprosjekt
I samband med det 4-årige prøveprosjektet der Bergen frå 1. januar 2004 får ansvaret for kollektivtrafikken i kommunen, vert ca. 53 mill. kr trekte ut av fylkeskommunen sitt budsjett og overført til Bergen kommune.
Periodekort for born
Fylkesrådmannen rår til at det vert innført periodekort for born. Føresetnaden for å innføra denne korttypen er at kommunane godtek at eit slikt kort berre skal gjelda ved privatreiser og ikkje kan nyttast av kommunane ved oppgjer for grunnskuleskyssen. Kommunane betalar i dag vanleg barnebillett for grunnskuleelevar, og fylkeskommunen alle skysskostnader ut over billettakst.
Det nye rabattkortet vil først kunna takast i bruk når saka er avklåra med kommunane og avtalar gjort med rutelaga.
Ungdomskort
Ungdomskortet, som gjeld for aldersgruppa 16-19 år, kostar 380 kr. per 30-dagars periode. For born under 16 år er det ikkje tilsvarande rabattilbod, og det vert hevda at dette er «urettferdig».
Vurderingar som vart gjort hausten 2002, syner at eit barneperiodekort med 50 % rabatt i høve til ordinært periodekort vil kosta om lag 2,2 mill. kr. Då er det lagt til grunn at kortet ikkje omfattar den ordinære skuleskyssen. I samband med Bergensforsøket i kollektivtrafikken må fylkeskommunen samarbeida med Bergen kommune om innføring av eit slikt kort.
Stanley Hauge