
Charterflyging
Lufthamnsjef Jan Morten Myklebust opplyser at Luftfartsverket har godkjent flyplassen for fly som Boing-737, Fokker-50, Dash-8/300 og BAE-146. Det medfører at den såkalla referansekoden for Stord lufthamn er endra frå 2B til 2C, seier lufthamnsjefen. Eitt av dei nye flya som skal ta flyplassen i bruk, er BAE-146 som skal nyttast til charterflyging.
Trafikkvekst
I september reiste det 2.594 passasjerar over lufthamna. Talet på reisande i august månad i år var på 2.025. Trafikkveksten er såleis på 569 passasjerar eller 28,1 prosent. I det ni første månadene i år har det reist 21.775 passasjerar over lufthamna. Talet på reisande for same periode i fjor var 19.555. Trafikkveksten er såleis på 2.220 passasjerar eller 11,4%. Dersom den positive trafikkveksten held fram, vil lufthamna nå 29.000 reisande i 2003, seier Myklebust.
Ny brannbil
Lufthamna har no kjøpt seg ny brannbil av typen Super Buffalo 8300/500 med ein vasstank på 8.300 liter, samt ein skumtank på 500 liter. Stord lufthamn har no to brannbilar med ein vasskapasitet på totalt 12.000 liter. Lufthamna står såleis godt rusta med slokkekapasitet ved eit eventuelt flyhavari, seier Myklebust.
Vellukka katastrofeøving
Onsdag 1. oktober vart det arrangert ei katastrofeøving på Stord lufthamn. Øvinga gjekk ut på at eit rutefly hadde havarert under innflyging til lufthamna. Totalt vart det plukka opp 11 personar frå sjøen og 6 personar som låg på land. Mannskap frå Sivilforsvaret, kommunehelsetenesta, Stord kommunale brannvern, Stord lufthamn, Helse Fonna, Politiet, Redningsselskapet, Stord og Fitjar Røde Kors Hjelpekorps og redningshelikopter frå Luftforsvaret deltok i øvinga. Stord lufthamn held regelmessig slike øvingar for å testa ut beredskapen ved eit eventuelt flyhavari på lufthamna, opplyser lufthamnsjef Jan Morten Myklebust.