Stormønstring for ungdom på Torgallmenningen 4. oktober

I samarbeid med Hordaland Barne- og Ungdomsråd (HBUR) står Hordaland fylkeskommune for eit stort arrangement på Torgallmenningen laurdag 4. oktober. Heile 11 ungdomsband frå Hordaland, med ”Emmerhoff and the Melancholy Babies” i spissen vil ta del.

Ung i Europa
Europeisk UNGdomsuke blir markert i perioden 29. september til 5. oktober. I denne perioden er det fokus på UNG i Europa programma over heile Europa. Hordaland fylkeskommune ved Europakontoret har sidan 1996 vore regionalt kontaktpunkt for UNG i Europa programmet. Det er difor naturleg å nytta Europeisk UNGdomsuke til å informere innbyggjarane i Hordaland om tilboda og aktørane innan UNG i Europa-programmet i vår region.

Konkurranse
Under arrangementet på laurdag vil UNG i Europa-programmet bli presentert i si fulle breidde gjennom fleire stands. Det vil bli delt ut brosjyrar, og kvar stand vil mellom anna bli betjent av ein ungdom som har erfaring frå UNG i Europa. Det vil også bli arrangert ein ungdomskonkurranse, der Hordaland sine tidlegare volontørar vil arrangera ein konkurranse. Hovudpremien til vinnaren av denne tevlinga er ei ungdomsreise.

Hordaland barne- og ungdomsråd
Også HBUR vil presentera seg gjennom stands. Denne paraplyorganisasjonen har vært sterkt involvert i internasjonale ungdomsaktivitetar. UNG i Europa har vore hovudtema på fleire av HBUR sine årsmøte.

Fire timar
Arrangementet på Torgallmenningen laurdag 4. oktober tek til klokka 12.00 og vil vara fram til klokka 16.00.

Sjå plakaten om arrangementet i stort format

Nils Marton Aadland

03.10.2003 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart