Kongens gull til Ole Dramdal

Ole Dramdal, fylkesordførar i Hordaland i fire periodar (1976-91), vart måndag 29. september tildelt Kongens fortenestemedalje i gull. Fylkesmann Svein Alsaker stod for overrekkinga på Stord som fann stad same dag som Dramdal fylte 75 år.

Langvarig samfunnsgagnleg verksemd
Dramdal fekk medaljen for langvarig samfunnsgagnleg verksemd på mange område.
– Mange har grunn til å takka deg for den store samfunnsinnsatsen din. Det gjeld Stord kommune, det gjeld Hordaland fylke, ja heile Vestlandet. Kjenneteiknet ved deg er at du er dyktig, har stor arbeidskapasitet, eit sterkt samfunnsengasjement over eit vidt felt, evne til konstruktivt samarbeid og til å verka samlande, sa fylkesmann Alsaker då han overrekte medaljen.

Pådrivar for Haukeland Regionsjukehus
Desse eigenskapane fekk du god bruk for då du vart valt til fylkesordførar i Hordaland i 1976, sa Alsaker. Vidare sa fylkesmannen: Då den ”nye” fylkeskommunen vart oppretta arva du dei storstilte utbyggingsplanane for Haukeland Regionsjukehus. Det var inga enkel oppgåve å gjennomføra denne utbygginga som virka inn på heile budsjettsituasjonen for fylkeskommunen. I dette arbeidet stod fylkesutvalet sentralt, heile tida med deg som ein sterk pådrivar. Evna di til å få fram samlande standpunkt var uvurderleg i denne situasjonen. Ein klarte å stå samla i ei krevjande og vanskeleg tid og det førde til positive resultat som har hatt stor og varig betydning.

Kombinerte fylkesordførarvervet med legepraksis
Alsaker sa at Dramdal vart sentral i utviklinga av nye fylkeskommunen som vart oppretta i 1976. Det nye styringssystemet måtte utviklast og innarbeidast over tid. Denne prosessen vart gjennomført i dei 16 åra du var fylkeskommunen sin politiske leiar. Det seier kan hende noko om arbeidskapasiteten din når vi veit at du samtidig med vervet som fylkesordførar makta å oppretthalda legepraksisen din på Stord som du dreiv frå 1955 til 1998. Berre denne lange legepraksisen kunne i seg sjølv fortene ein medalje, sa Alsaker.

Høgt verdsett
Både fylkesmann Alsaker og noverande fylkesordførar Gisle Handeland trekte fram at Dramdal som fylkesordførar var høgt verdsett og representerte Hordaland på ein verdig og flott måte. Hans rolege og sindige framferd prega leiinga hans av fylkestingssamlingane. – Du hadde evne til å skapa respekt – vera bestemt, samtidig som du personleg var beskjeden og ikkje likte å framheva deg sjølv, sa Alsaker.
Fylkesordførar Handeland sa at Dramdal som møteleiar var svært høgt respektert. Han hadde ofte ein lun replikk, og kunne når situasjonen krov det løysa opp ein spent stemning med velvalde ord.

Talte til Dronningmora og Kong Olav
– Du var ingen typisk sektorpolitikar. I tida di som fylkesordførar var du mellom anna ein internasjonal brubyggjar innan kulturfeltet. Du var svært sentral i arbeidet med å oppretta fylkeskommunen sine venskapskontaktar med Orknøyane og Wales. Vi hugsar at du i samband med 850-årsjubilet i 1987 for St. Magnus katedralen i Kirkwall på Orknøyene heldt tale til både H.M. Dronningmora av England og H.M. Kong Olav V. Du var også sentral når det galdt å berga den norske sjømannskyrkja i Cardiff, sa fylkesmannen.

Venskapssamband med Orknøyane
Fylkesordførar Gisle Handeland kom også inn på Dramdal sitt engasjement for venskapssambandet med Orknøyane. I Kirkwall i sommar vart det markert at det er 20 år sidan venskapsavtalen mellom Hordaland og Orknøyane vart oppretta. Under denne markeringa var det mange som trekte fram Dramdal sin innsats. Dei bad meg også ta med helsingar attende til deg, sa Handeland. Fylkesordføraren trekte fram at Dramdal i tillegg til den store innsatsen innan helsesektoren, også var sterkt engasjert i arbeidet med å sikra næringsutvikling basert på olje- og gassressursane utan for Hordalandskysten. Like eins at han var ein sentral pådrivar for Kyststamvegen.

Mange gratulasjonar
Dramdal fekk også gratulasjonar frå ordførar Magne Rommetveit i Stord kommune, gruppeleiar for Høgre i fylkestinget - Tom-Christer Nilsen, og tidlegare fylkesrådmann Nils T. Selvik som han samarbeidde med både på Stord og i fylkeskommunen.

Lokalpolitikar på Stord
Dramdal var i ei årrekkje lokalpolitikar i Stord kommune. Medlem av kommunestyret i 16 år, formannskapet i 8 år og varaordførar i 4 år. Før hans politiske bane starta i 1964 var han også med i eit utval for å fremja etablering av sjukehuset på Stord. I tillegg til å vera folkevalt i over 30 år har Dramdal også hatt ei lang rekkje verv både av lokal og nasjonal karakter.

Stanley Hauge

01.10.2003 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart