
Utviklingssjef Tore Bjelland i Stord kommune kjem på kommuneplankonferansen og skal demonstrere scenario som verktøy i kommuneplanlegginga, her i samtale med fylkesmann Svein Alsaker og landbruksdirektør Ole Bakkebø på kommuneplankonferansen i fjor.
Kor stor handlefridom har ein lokalt
Konferansen har fått tittelen ”Kunnskap – for styring gjennom plan”. Konferansen tek opp spørsmålsstillingar som kor stor handlefridom har ein lokalt og i kor stor grad vil ein nytte denne?
Plan og styring
Første dag av konferansen har tema ”Plan og styring”. Andre dag har framtidsbilete som tema, i tillegg til to parallellsesjonar der ein kan velje mellom ”tematiske grunnlagsregistreringar som støtte for kommuneplanlegging” og ”Kystsona og marin forvalting”.
Programmet er utvikla i samarbeid mellom Hordaland fylkeskommune og Fylkesmannen i Hordaland.
Målgruppe: Kommunepolitikarar, kommuneplanleggjarar og sakshandsamrarar i plansaker i kommunane, konsulentar innan planlegging, og regionale fagorgan/forskingsmiljø.
Konferansen blir skipa til 5. og 6. november på Bergen Kongressenter, i Håkonsgaten 3-5 i Bergen.
Påmelding på faks til Hordaland fylkeskommune 55 23 90 01 eller e-post til Synnove.Fjeldberg@post.hfk.no innan 22. oktober.
Konferansen koster 200 kroner pr. dag, pluss 200 kroner for middag om kvelden første dag. Scandic Hotel Bergen City tilbyr rimeleg overnatting, telefon 55 30 90 80/90
Program og påmeldingsinformasjon (pdf)
Påmeldingsblankett (pdf)