Knappe rammer for fylkesbudsjettet 2004

Driftsrammene for dei fylkeskommunale tenesteområda vert i 2004 knappe. Det er behov for midlar til nye og auka oppgåver, særleg innan vidaregåande opplæring der større årskull krev fleire elevplassar. Midlane til desse tiltaka må såleis stort mon skaffas

Innsparing på 19 millionar kroner
Budsjettgrunnlaget er lagt fram med ei uspesifisert innsparing på 19 mill. kr for å vera i balanse. Dersom fylkeskommunen sine inntekter ikkje kan aukast like mykje før budsjettet skal vedtakast i desember, må det gjerast kutt for denne summen.

Kalddusj då 40 millionar kroner forsvann
I månadsskiftet august-september fekk Hordaland fylkeskommune ein kalddusj då 40 mill. kr i rammetilskot frå staten brått forsvann. I inntektssystemet er folkemengde som bur på øyar eit kriterium for fordelinga. Øybuartalet pr. 1.1. 1998 som har lege til grunn for fordelinga, vert frå 2004 avløyst av øybuartalet pr. 1. januar 2003. Dei folkerikeområda Bømlo, Stord og Fitjar får som følgje av Trekantsambandet endra status frå øy til fastland i inntektssystemet, og dermed glipp nær 40 mill. kr for fylkeskommunen frå neste år.

Spent på statsbudsjettet
Fylkesrådmannen er spent på om statsbudsjettet vil følgja opp Stortinget si påplussing av 1,5 milliardar kroner meir til kommunesektoren i 2004. I budsjettgrunnlaget har han rekna med at 30 mill. kr av desse midlane vil tilfalla Hordaland fylkeskommune. Innhaldet i statsbudsjettet vil avgjera om hovudpunkta i budsjettgrunnlaget kan vidareførast som det endelege framlegget frå fylkesrådmannen.

I budsjettgrunnlaget for 2004 legg fylkesrådmannen m.a. opp til:
l 30 mill.kr til dei nye klassane som vart oppretta i vidaregåande skular hausten 2003. I tillegg 8 mill. kr til nye klassar frå hausten 2004. For å dekka desse kostnadene og andre nye utgifter, må det gjerast store omprioriteringar på skulebudsjettet. Største reduksjonen er 20 mill. kr i lærartimetalet, ein reduksjon som skal fordelast på alle dei vidaregåande skulane.

l Heilårsverknaden av skulesamanslåingar i år gjev innsparing på 5 mill. kr i 2004.

l Takstane for reiser med buss og båt aukar med 2,5 % frå 1. januar 2004.
Periodekort for born under 16 år vert føreslege innført i 2004.

l Nedlegging av 13 tannklinikkar og reduksjon i talet på tannhelsepersonell.

l Frå 2004 er det budsjettert med midlar frå sal av konsesjonskraft til regionale utviklingsoppgåver. I 2004 skal 21 mill. kr gå til Hardangerbrua, 3 mill. kr til cruiseskipskai Eidfjord og 5 mill. kr til andre tiltak (under utgreiing).

l Hordaland fylkeskommune sine samla investeringar i komande økonomiplanperiode (2004-2007) vert på 801,1 mill. kr.

l Nye vidaregåande skular i Olsvik og på Sørås og stor utbygging av Slåtthaug videre-gående skole og fylkesvegar vert dei store investeringsoppgåvene i perioden 2004-07.

l I budsjett til kultur og idrett for 2004 er det gjort framlegg om auka løyvingar på nokre felt og til enkelte nye tiltak. Budsjettforslaget til fylkesrådmannen lyder på ca. 143 mill. kr, ei styrking i høve til 2003. M.a. aukar løyvinga til kulturminnevernet tilskotet til fylkesidrettsanlegg.

Fylkesbudsjettet skal handsamast av fylkesutvalet 19.-20. november og dei andre faste utval i veka før. Endeleg vedtak vert gjort av fylkestinget 9.-10. desember.

Fylkesbudsjettet for Hordaland for 2004

Stanley Hauge

06.10.2003 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart