Dei kalde avrivingane held fram for Hordaland fylkeskommune, konstaterte fylkesordførar Gisle Handeland då han opna fylkestinget på Bergen Kongress Senter 14. oktober. Første kalddusj var 40 mill. kroner grunna endringa i folketalet på øyar, så kom statsb
Kalddusj
- Budsjettgrunnlaget til fylkesrådmannen vart lagt fram 6. oktober. I ei av pressemeldingane stod det at Hordaland fylkeskommune fekk ein kalddusj på 40 millionar kroner grunna endringa i folketalet på øyar. Etter at statsbudsjettet er lagt fram, kan eg konstatere at dei kalde avrivingane held fram, sa fylkesordføraren.
Usaldert
- Som kjent var budsjettgrunnlaget til fylkesrådmannen gjort opp med ein usaldert sum på 19 millionar kroner, så problemet det nye fylkestinget står overfor kan bli heile 60 millionar kroner om Stortinget vedtek statsbudsjettet slik det er lagt fram frå regjeringa.
Følgjer ikkje opp
- Fylkesrådmannen la i budsjettgrunnlaget til grunn at regjeringa ville følgje opp Stortingets vedtak om å tilføre kommunesektoren 1,5 milliardar kroner meir og at Hordaland fylkeskommune ville få 30 millionar kroner av desse midlane. Når så regjeringa ikkje følgjer opp Stortingets vedtak, har vi straks eit budsjettproblem på 30 millionar kroner. På toppen av det heile er ramma for dei frie inntektene senka samanlikna med kommuneproposisjonen frå i vår. Det er gjort for å få plass til barnehagesatsinga og tilskotet til ressurskrevjande brukarar, altså kommunale område. Den departementale logikk er då at fylkeskommunane og må bidra til å finansiere desse satsingsområda for å få plass innanfor ein gitt kommuneramme.
Store utfordringar
- Eg kjem ikkje på døme på at eit slikt resonnement har vore brukt med motsett forteikn. Denne manøveren gjev oss eit budsjettproblem på ca. 10 millionar kroner og dermed 40 millionar kroner mindre enn fylkesrådmannen rekna med i budsjettgrunnlaget. Med 19 millionar kroner frå før, kan altså mankoen bli heile 60 millionar kroner. Både administrasjon og politikarar står overfor store utfordringar, sa fylkesordførar Gisle Handeland.
Les heile talen til fylkesordførar Gisle Handeland under opninga av Hordaland fylkesting 14. oktober 2003 i Bergen

Bjarte Brask Eriksen