Heidersteikn til tre fylkespolitikarar

Tre veteranar i fylkespolitikken i Hordaland, Turid Giertsen, Arne Jakobsen og Magnar Lussand, er tildelt Kommunenes sentralforbund sitt heidersteikn for den politiske innsatsen sin. Dei tre fekk tildelt utmerkinga under Hordaland fylkesting si avslutning

Frå venstre: Fylkesordførar Gisle Handeland, Magnar Lussand (Sp), Turid Giertsen (H) og Arne Jakobsen (Ap).

– I det politiske miljøet er det slik at det er nokon som går føre, tek leiinga, nokon som gjer tinga betre, som gjer meir og held på lenger enn andre. For enkelte av oss ville det vera eit sakn om vi ikkje fekk ta del i politisk arbeid. Andre ville verta sakna i politikken om dei ikkje var der. Det meiner eg gjeld for nettopp dykk tre, sa Handeland då han overrekte utmerkinga.

Turid Giertsen (H) har vore ein særs aktiv politikar både i Bergen kommune og i Hordaland fylkeskommune. Ho var medlem i bystyret i to periodar frå 1976, i perioden 1980-83 var ho også medlem i formannskapet. Etter å ha vore vararepresentant til fylkestinget i perioden 1984-87, vart ho medlem frå 1988. Ho avslutta i haust den fjerde perioden sin i fylkestinget. Ho har vore medlem i eit breitt spekter av politiske organ i fylkeskommunen. I perioden 1988-91 var det helse- og sosialstyret, i 1992-95 var ho medlem i samferdselsutvalet, i 1995-99 i komiteen for miljø og samferdsel og i perioden 1999-2003 var ho leiar av kontrollutvalet.

Arne Jakobsen (Ap) har fire periodar bak seg i Bergen bystyre og to periodar i Hordaland fylkesting. I bystyret var han med samanhengande frå 1980 til 1995, og i fylkestinget har han vore med frå 1995 til 2003. I to av periodane i Bergen, frå 1988-95 var han medlem i formannskapet. I dei to periodane i fylkestinget var han medlem i komiteen for miljø og samferdsel, i den siste perioden (1999-2003) var han nestleiar i komiteen. Han har også hatt ei rekkje andre verv i både kommunale og fylkeskommunale organ. Når han no har gjeve seg i fylkespolitikken, tek han på ny steget over i bystyret for ein ny fireårsperiode.

Magnar Lussand (Sp) har fem periodar i fylkestinget og fire og ein halv periode i kommunestyre.
Han vart valt inn i Ullensvang heradsstyre i 1976, og var med der i 1976-77 då han flytta til garden heime i Granvin. I 1980 ble han valt inn i Granvin heradsstyre og var medlem der i fire periodar på rad – til 1995. I tre periodar, frå 1980 til 1991, var han ordførar i Granvin. I 1984 vart han også valt inn i fylkestinget der han no har vore med i fem periodar på rad. Han tek i haust fatt på den 6. perioden sin i fylkestinget.
I perioden 1984-87 var Lussand medlem i kulturstyret, i 1988-91 var han i fylkeskulestyret og sidan 1992 har han vore medlem i fylkesutvalet. I to perioder – frå 1992 til 1999 – var han fylkesordførar i Hordaland.
I tillegg til det som er nemnt her har han hatt ei rekke andre kommunale og fylkeskommunale verv, som t.d. Kyststamvegutvalet, Trollutvalet, North Sea Commission, SAVOS.

Stanley Hauge

23.10.2003 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart