Vestlandsrådet krev utjamning i finansieringa av sjukehusa

Vestlandsrådet kan ikkje akseptera at Regjeringa ikkje er viljug til å starta utjamninga av dei store påviste ulikskapane i finansieringa av sjukehusa allereie no. Vi kan heller ikkje sjå noko sakleg grunn til at Regjeringa berre vil utjamna halvparten av

I fråsegna heiter det at Vestlandsrådet har merka seg at Sosialkomiteen i Stortinget har registert dei store forskjellane i basisløyvingane til helseføretaka, og forventar at dette vert retta opp allereie i Statsbudsjettet for 2004, og gjennom Komiteen si handsaming av Stortingsmelding nr 5 (2003-2004).
Fråsegna vart vedteken samrøystes av dei 20 representantane i Vestlandsrådet.

Vestlandsrådet viser til at det i Stortingsmeldinga om finansiering av sjukehusa, kjem fram at den årlege løyvinga til Helse Vest må aukast med 695 mill. kr og for Helse Midt-Norge med 322 mill. kr for å utlikna forskjellane i basisløyvinga mellom helseføretaka.
«I praksis er underfinansieringa større, då lågare basisløyving gjer at sjukehusa dessutan mistar refusjonar i form av poliklinikkinnteker og ISF-inntekter. Tar ein omsyn til dette, er det grunn til å tru at den reelle underfinansieringa for Helse Vest er nærare 1 milliard kroner mens den kan vera på over 400 mill. kr for Helse Midt-Norge,» heiter det i fråsegna.

Vestlandsrådet som representerer 1,2 millionar innbyggjarar på Vestlandet, stiller seg heilt uforståande til at innbyggjarane på Vestlandet og i Midt-Norge skal ha eit dårlegare sjukehustilbod enn resten av landet.
Vestlandsrådet reagerer på at trass dei store skilnaden som er påvist i Stortingsmeldinga, så vil det ikkje verta starta på noka utjamning i 2004. Først i 2005 skal ein byrja med ei forsiktig justering som - kanskje – i 2009 har tilført 216 mill. kr. til fordel for Helse Vest, og 92 mill. kr. til Helse Midt-Norge (rekna i 2003-kroner).

Les heile pressemeldinga frå Vestlandsrådet sitt møte i Florø torsdag 6. november og fråsegna til finansministeren og sosialkomiteen på Stortinget

Stanley Hauge

07.11.2003 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart