
På biletet nyvald leiar i kontrollutvalet Terje Hermansen (Ap) til venstre, saman med leiarane i dei faste utvala i fylkestinget - alle tre frå Fremskrittspartiet. Frå venstre: Georg Indrevik, Roald Steinseide og Gustav Bahus.
Terje Hermansen, Arbeiderpartiet, er valt til leiar i kontrollutvalet, med Jorge Del Pino (SV) som nestleiar.
Øystein Ådland (Krf) er valt til leiar i klagenemnda, med Oddvar Tvedten (Frp) som nestleiar. I yrkesopplæringsnemnda vert Roald Steinseide (Frp) leiar. Her vert nestleiarvervet delt i perioden med Vigdis Ravnøy frå LO i to år, og så Svein Hatlem frå NHO i to år.
Joril Christensen (Ap) vart valt til leiar i administrasjonsutvalet, der fylkesvaraordføraren i følgje reglementet for utvalet er leiar.
Fylkestinget vel også medlemer og leiarar i fleire statlege organ på fylkesplanet. Elisabeth Risnes (Frp) er valt til leiar i Fylkesskattenemnda. I fylkeslandbruksstyret vert Torill Nilsen (H) leiar og Joril Christensen (Ap) nestleiar. Trude Drevland (H) er valt til leiar i det lokale programrådet for Norsk Rikskringkasting, med Bente Krokeide (Ap) som nestleiar.
Dei fleste vala vart vedtekne samrøystes slik innstillinga frå valnemnda førelåg. Til nokre verv vart det fremja alternative forslag. Gisle Handeland (Ap) føreslo at Magnar Lussand (Sp) skulle attveljast som leiar for Hardangerbrua AS. Forslaget fekk 17 røyster (Ap og SP) og Einar Lutro (H) vart valt til ny leiar med 40 røyster.
Som medlem i styret for Festspela i Bergen vart Kjellaug Holm (H) valt med 30 mot 27 røyster. Mindretalet (Ap, SV, RV, V og SP) støtta forslag om Gisle Handeland (Ap) som medlem. Handeland vart også føreslegen som medlem i styret for Bergenhalvøens Kommunale Kraftselskap AS. Forslaget fekk 27 røyster, medan 30 røysta for Torill Selsvold Nyborg (Krf) som var valt.
Dag Helge Hellen (Frp) vart valt til medlem i styret for Moster amfi og kyrkjehistorisk senter AS med 34 røyster, medan 23 (SV, Ap, RV og V) røysta for Mette Holmefjord Olsen (SV) til dette vervet.
Oversikt over medlemer i ei rekkje utval
Stanley Hauge