Tok opp flytting av FLO/SJØ med forsvarsdepartementet

Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg hadde måndag 10. november møte med Forsvarsdepartementet i samband med St.prp. nr. 12 (2003-04) Iverksetting av fase 3 i omstillingen av Forsvarets logistikkorganisasjon (FLO).

Departementet legg i stortingsproposisjonen opp til at FLO/SJØ, FLO/LAND OG FLO/LUFT skal leggjast ned frå 31.12. 2003 og organiserast i ei ny eining, Sjef FLO, som skal liggja på Kjeller.

For oss i Hordaland er utfordringa framleis å få ha leiinga for driftseininga FLO/SJØ på Haakonsvern, seier fylkesordførar Selsvold Nyborg. I denne omgang er det 12-15 arbeidsplassar som skal flyttast. Isolert sett er ikkje det så mange, men dette er eit nytt lite stig i sentraliseringa av statlege arbeidsplassar, seier fylkesordføraren.

Møtet i Forsvarsdepartementet var med statssekretær Gunnar Heløe.

St.prp. nr. 12 skal no til handsaming i Forsvarskomiteen i Stortinget som har frist til 11. desember med å gje innstilling.

Stanley Hauge

10.11.2003 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart