Styrka kollektivtilbod mellom Sotra/Askøy og Bergen

Frå 1. januar neste år tilrår samferdselsutvalet i Hordaland å setje inn att direktebussruter mellom Kleppestø og Bergen. Det skal forhandlast om ny avtale om usubsidiert drift av ”Beinvegen”, og det skal søkast om statlege midlar for å utvide rutetilbode

Utvalet ber fylkesadministrasjonen å forhandla ny avtale med HSD Sjø om drift av snøggbåten mellom Kleppestø og Bergen sentrum frå årsskiftet med sikte på usubsidiert drift. Om dette ikkje lukkast, ber utvalet om at fylkesadministrasjonen set i verk ein prosess med sikte på å leggje båtruta ut på anbod.

For å utvide rutetilbodet mellom Sotra/Askøy og Bergen ber utvalet fylkesadministrasjonen leggje til rette for søknad om statlege midlar som regjeringa har øyremerka til styrking av kollektivtrafikken i byområda.

Bjarte Brask Eriksen

19.11.2003 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart