Sikrar fondsmidlar til Hardangerbrua

Hordaland fylkesutval går inn for at fylkestinget skal godkjenna ein avtale med Hardangerbrua AS om utlån av dei oppsamla konsesjonskraftmidlane til brua. På denne måten vil fylkesutvalet sikra at fylkestinget sin føresetnad om midlane til Hardangerbrua

Fylkestinget skal handsama saka på tinget 9.-10. desember.

Ved inngangen til 2003 stod vel 111 mill. kr på fond til Hardangerbrua. Utlånet til Hardangerbrua skal vera lik denne summen.

Frå komande årsskifte vert rekneskapsføresegnene for fylkeskommunane endra og ordninga med særrekneskap vert avskipa. Fylkestinget sitt vedtak om å setja av midlar til byggjing av Hardangerbrua krev difor andre føringsmåtar. Det er i denne samanheng fylkesrådmannen har føreslege at fondsmidlane i særrekneskapen vert gjort om til eit utlån til Hardangerbrua AS. På denne måten vert fylkestinget si avsetjing til Hardangerbrua heilt sidan 1985 sikra, heiter det i saksutgreiinga.

Her kan ein igjen tenkja seg ulike alternativ. Ein kan låna ut midlane til ein kommune i ”bruområdet”, det kan opprettast eit eige forvaltningsselskap for dette føremålet eller ein kan nytta eksisterande selskap.
Ved å låna ut midlane til dette Hardangerbrua AS – som fylkeskommunen har aksjefleirtalet i – meiner fylkesrådmannen fylkestinget sitt vedtak om avsetjing til bruprosjektet framleis står ved lag.
Rekneskapsteknisk vert dette gjort gjennom ein låneavtale som sikrar at dei utlånte midlane skal gå til byggjing av brua og ikkje til drift av selskapet Hardangerbrua AS.
Det går fram av avtalen at långjevar – fylkeskommunen – kan seia opp lånet med eitt års varsel. I tillegg er det teke med eit punkt om at låntakaren – Hardangerbrua AS – skal forvalta midlane særskilt, slik at dei er skilt frå andre aktiva i Hardangerbrua AS.

Bjørn Lothe (SV) føreslo at saka skulle gå til uttale frå fylkesrevisjonen og kontrollutvalet før handsaming i fylkesutvalet og i fylkestinget. Forslaget fekk tre røyster (SV og V) og fall.

Stanley Hauge

25.11.2003 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart