Politisk styrt prosjekt skal gje fylket økonomisk og politisk handlefridom

Fleirtalet i fylkesutvalet, dei åtte representantane for Høgre, Fremskrittspartiet og Kristeleg folkeparti, går inn for at fylkestinget skal vedta eit «Handlefridomsprosjekt» for å gje Hordaland fylkeskommune økonomisk og politisk handlefridom i løpet av

Fleirtalet går inn for at ca. 35 mill. kr av dei auka inntektene på 39 mill. kr som fylkeskommunen får etter budsjettforliket i Stortinget skal vera disponible til inndekking av ubalanse som følgje momskompensasjonsordninga.
Fleirtalet i fylkesutvalet (H, Frp, KrF) rår til at Hordaland fylkeskommune skal melda seg ut av Kommunenes sentralforbund (KS).

Takstane for reiser med buss og båt skal ikkje aukast frå 1. januar 2004, går fylkesutvalet inn for. Heile budsjettet kjem opp til handsaming i fylkestinget 9.-10. desember.

Ved handsaminga av årsbudsjett 2004 og økonomiplanen 2004-07 i fylkesutvalet 20. november vart det sett fram fire forslag til endringar i høve til fylkesrådmannen sitt budsjettutkast. Fleirtalet i fylkesutvalet, Høgre, Fremskrittspartiet og Kristeleg folkeparti, fremja eit felles forslag.
Arbeiderpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Venstre fremja kvar sine forslag. Forslaga vart røysta over «pakkevis» og fekk røystene frå forslagsstillarane. Unnataket var Ap sitt forslag som også fekk tilslutnad frå Senterpartiet.

Ingen taktsauke på buss og båt
Takstane for reiser med buss og båt i Hordaland vert ikkje auka frå nyttår. Fylkesrådmannen hadde føreslege 2,5 % takstauke i det første budsjettutkastet sitt. Men etter at regjeringa sitt forslag om å innføra 6 % meirverdiavgift på personreiser frå 1. mars 2004, no er følgd opp i budsjettavtalen i Stortinget går fylkesutvalet inn for takstfrys.
I innstillinga frå fylkesutvalet heiter det at dersom det viser seg at effekten av momsreforma gjev større innsparing enn det som trengst for å gjennomføra takstfrys, føreset fylkesutvalet at dette kjem passasjerane til gode i form av lågare billettpris eller auka rutetilbod.

Fleirtalsforslaget
Målsetjingane i forslaget frå Høgre, Fremskrittspartiet og Kristeleg folkeparti er:
– skaffa fylkeskommunen økonomisk/politisk handlefridom i løpet av perioden
– prioritering av kvalitet og valfridom
– prioritering av born og unge
– framleis satsing på kollektivtrafikken som miljøvenleg og effektivt alternativ
– full gjennomgang av drifta for å gje handlefridom til å satsa på fylkeskommunen sine kjerneområde

Prosjekt handlefridom
Fleirtalet i fylkesutvalet (Høgre, Fremskrittspartiet og Kristeleg folkeparti) går inn for at fylkeskommunen i perioden 2004-07 skal gjennomføra «Prosjekt handlefridom». Målet med prosjektet er å gje fylkeskommunen økonomisk og politisk handlefridom i løpet av dei neste tre åra. Prosjektet skal ha ei politisk styringsgruppe på fem personar.
Prosjektet skal gå inn på alle verksemdsområda til fylkeskommunen og vurdera korleis handlefridomen kan gjenopprettast. Fleirtalet vil ha vurdert om det er nødvendig å henta inn ekstern kompetanse for å gjennomføra prosjektet.
I prosjektet må virkemidlane vurderast fritt, men slik at fylkeskommunen sine kjerneoppgåver vert ivaretekne, understrekar Høgre, Fremskrittspartiet og Kristeleg folkeparti. Vurderinga kan m.a. innhalda:

– bruk av konkurranseutsetjing
– gjennomgang av eigedomsmassen
– må/bør tiltak

Handlefridomsprosjektet skal ha som mål å gje minst følgjande heilårseffekt i økonomiplanen målt i forhold til grunnbudsjettet for 2004:

2004: 15 mill. kr
2005: 40 mill. kr
2006: 55 mill. kr
2007: 80 mill. kr

Fylkesrådmannen vert bedne om å koma med ein konkret prosjektmodell så snart som mogleg i 2004. Målsetjingane må justerast i forhold til eventuelle endringar i dei økonomiske rammevilkåra.
Dersom ein lukkast med å få retta opp ubalansen i momskompensasjonsordninga, kan dette trekkjast inn som ein del av prosjektet.

I tråd med målsetjingane i handlefridomsprosjektet skal fylkestinget koma tilbake til endeleg inndekking av underdekkinga i 2004-budsjettet i eiga sak i fylkestinget i mars 2004.

Vil melda fylkeskommunen ut av KS
Hordaland fylkeskommune skal melda seg ut av Kommunenes Sentralforbund (KS), rår fleirtalet i Hordaland fylkesutval (H, Frp, KrF) fylkestinget til å vedta.
Oppseiinga skal skje i tråd med vedtektene for KS, og slik at fylkeskommunen sitt arbeidsgjevaransvar vert ivareteke. Fleirtalet føreset at dette fører til innsparing som kan leggjast inn i handlefridomsprosjektet.
Etter vedtektene for KS vil ei utmelding kunna skje frå midten av 2006.

«Moms-reserve»
I tilrådinga frå fleirtalet i fylkesutvalet vert ubalansen i den nye momskompensasjonsordninga påpeikt. Det ser ut til at fylkeskommunen må dekka inn ein ubalanse på nærare 40 mill.kr fordi kompensasjonssummen vert lågare enn trekkbeløpet. Ubalansen skuldast etter alt å døma feil i grunnlagsutrekninga, meiner fylkesutvalet og føreset set det vert teke ytterlegare initiativ overfor staten for å retta opp den openberre ubalansen.

Dei 39,177 mill. kr som fylkeskommunen får i auka inntekter som følgje av budsjettforliket i Stortinget, vil fleirtalet i fylkesutvalet (dei 8 frå H, Frp og KrF), rår til at 35,288 mill. kr skal vera til rådvelde for inndekking av ubalanse som følgje av momskompensasjonsordninga.
Fleirtalet legg inn 1mill. kr til tannhelsetenesta, noko som vil seia at det siste kuttet som fylkesrådmannen har føreslege for denne sektoren går ut. Det vert sett av 250 000 kr til prosjektmidlar mot mobbing, ein pott dei vidaregåande skulane kan søkja på. Til Funksjonshemmedes fellesorganisasjon vert det føreslege 50 000 kr i driftstilskot. Spesialundervisninga i vidaregåande skule vert styrkt med 1 mill. kr. Kulturminnevern-budsjettet får tilført 0,5 mill. kr i samband forsøksordninga i Bergen, og 1,1 mill. kr vert sett av til oppretting av feil i budsjettgrunnlaget.

Hardanderbrua
Tilrådinga frå fleirtalet inneheld følgjande presisering om midlane til Hardangerbrua: «For perioden til og med 2012 skal 70% av konsesjonskraftmidlane gå til Hardangerbrua, For åra 2004-2006 vert det gjort fråtrekk for 20 mill årleg. Dermed blir tilskotet til Hardangerbrua utsett i 3 år. Det er ein klar føresetnad at tilskotet held fram til 2012 for å dekkja opp utsetjinga i åra 2004-2006.»

Andre budsjettforslag
Arbeiderpartiet
Arbeiderpartiet sette fram forslag til fordeling av dei 39,2 mill. kr i auka inntekter etter budsjettforliket i Stortinget. Ap føreslår at den uspesifiserte innsparinga på 13,1 mill. kr i fylkesrådmannen sitt budsjettforslag, vert dekka inn. Vidare vil Ap auka løyvinga til vidaregåande skular med 17,3 mill. kr inkludert 2,0 mill. kr til vaksenopplæring og 0,5 mill. kr til rusførebyggjande tiltak i skulane. Løyvinga til barne- og ungdomsorganisasjonar vert påplussa 0,5 mill. kr. Tannhelse med 1,0 mill. kr. Tilskot til funksjonshemma sine organisasjonar 0,8 mill. kr, transport for funksjonshemma vert påplussa 0,4 mill. kr, fylkesvegvedlikehaldet med 3,0 mill.kr, og kultur og idrett med 0,5 mill. kr.
Forslaget fekk fire røyster (Ap og Sp) og fall.

Forslaget frå Arbeiderpartiet omfatta også ei rekkje punkt med målsetjingar på fleire felt. (Heile forslaget følgjer som vedlegg.)

Sosialistisk venstreparti
Sosialistisk Venstreparti fremja eige forslag med påplussingar på ca. 31 mill. kr i høve til fylkesrådmannen sitt reviderte budsjettgrunnlag pr. 18. november. Forslaget fekk SV sine to røyster og fall.
Av påplussingane galdt 2,1 mill. kr kultur- og friluftsføremål og tilskot til Funksjonshemmedes fellesorganisasjon. Budsjettet til opplæring vil SV styrka med vel 18 mill. kr, tannhelsetenesta er ført opp med 1,5 mill. kr i styrking og samferdselsbudsjettet vert føreslege styrkt med nær 8 mill. kr. Løyvinga til Hordaland olje og gass vil SV stryka, medan dei vil auka løyvinga til miljø- og naturprosjekt med 1 mill. kr. I administrasjonsbudsjetta vil SV kutta 1 mill. kr pluss 0,2 mill. kr i løyvinga til Europakontoret, og SV vil også kutta 1 mill. kr i løyvinga til politisk verksemd.

Forslaget frå SV omfatta også ei rekkje punkt med målsetjingar på fleire felt. (Heile forslaget følgjer som vedlegg.)

Venstre
Venstre sette fram forslag til fordeling av dei 39,2 mill. kr i auka inntekter etter budsjettforliket i Stortinget. Forslaget fekk ei røyst (V) og fall.
Venstre vil styrka løyvinga til rammetimar i vidaregåande skule med 11,8 mill. kr og løyva 3,0 mill. kr meir til spesialundervisning. Andre styrkingar er: 1 mill. kr meir til tannhelse, 0,8 mill. kr til funksjonshemma sine organisasjonar, 0,4 mill. kr meir til transport for funksjonshemma, 0,5 mill. kr til kultur og idrett. Til dekking av uspesifisert innsparing føreslår Venstre 8,1 mill. kr og 12,5 mill. kr set partiet av til mogleg ubalanse i momskompensasjonsordninga. Forslaget har også med 1,1 mill. kr til dekking av feilbudsjettering.

Budsjettforslaget til Høgre, Fremskrittspartiet og Kristeleg folkeparti

Budsjettforslaget til Arbeiderpartiet

Budsjettforslaget til SV

Stanley Hauge

20.11.2003 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart