Nytt seminar om offentlege servicekontor

Torsdag 20. november 2003 blir det nytt seminar i Bergen om dei rette grepa i utvikling av offentlege servicekontor. Seminaret går av stabelen på Bergen Kongress Senter frå klokka 9.15 til 15.00 og er eit samarbeid mellom Hordaland fylkeskommune, Fylkesma

Seminaret har bakgrunn i fylkesplan for Hordaland 2001-2004 der det er foreslått prosjekt med føremål å leggje tilrette for brukarvenlege offentlege tenester gjennom samarbeid, offentleg servicekontor (OSK) og bruk av informasjonsteknologi.

Brei samordna offentleg innsats
Målet med servicekontor er å skape brei samordna offentleg innsats på tvers av sektorar, for å medverke til serviceutvikling og oppretthalding av offentlege funksjonar og tenester i lokalsamfunnet.

Klar, ferdig, gå
Hordaland fylkeskommune, Fylkesmannen i Hordaland og KS Hordaland har inngått samarbeid om tre seminar om teamet under tittelen ”Klar, ferdig gå”. Dette er det tredje og siste seminaret i rekka. Det første var 15. mai og det andre 4. september

Næringsvenlege kommunar
Målgruppe for seminara er kommunar og statsetatar. På det tredje seminaret ”Gå” skal Fleming Skahjem Eriksen, nasjonal prosjektleiar for LivsIT, fortelje om ”LivsIT til ein kommune nær deg”. Vi får orientering om prosjektet ”Næringsvenlege kommunar” med erfaringar frå Voss, Kvinnherad og Askøy, samt dei regionale erfaringane ved Hans Martin Moxnes, Strategi og utvikling, Hordaland fylkeskommune. Astrid Toft i KS Hordaland og fylkesarbeidssjef i Hordaland, Tommy Johansen, skal innleie til debatt om ”SATS – er det noko å satse på?”
Det blir og opna for innspill frå sidelinja, framstidsverkstad og evaluering av dei tre seminara.

Programansvarlege er Hilde R. Indresøvde, Hordaland fylkeskommune, Astrid Toft, KS Hordaland og Ingvild Hjelmtveit, Fylkesmannen i Hordaland.

Påmeldingsfristen er 12. november 2003.

Nærmare opplysingar og påmeldingsskjema

Omtale og lysark frå seminara 15. mai og 4. september 2003

12.11.2003 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart