Konsesjonskrafta skal gå til regional utvikling

Hordaland fylkeskommune sine konsesjonskraftmidlane skal frå 2004 nyttast strategisk i samband med fylkeskommunen si nye rolle som regional utviklingsaktør, går fylkesutvalet inn for. Det vert lagt vekt på at midlane i hovudsak skal nyttast til investeri

Hardangerbrua
I tilrådinga til fylkestinget, som skal handsama saka i 9.-10. desember, held fylkesutvalet fast på at tidlegare vedtak om bruk av konsesjonskraftmidlane skal oppfyllast. Fylkestinget sitt vedtak frå 1999 om at 70 % av kraftinntektene fram til 2010 skal gå til Hardangerbrua står ved lag. Men på bakgrunn av situasjonen i fylkesøkonomien vert det gjort eit fråtrekk på 20 mill. kr årleg i midlane til Hardangerbrua i åra 2004-06. Dette fråtrekket skal Hardangerbrua få att seinare ved at tildelingsperioden vert lengd til og med 2012. I innstillinga frå fylkesutvalet er dette presisert med denne formuleringa: «Dermed blir avsetningane til Hardangerbrua utsett i tre år. Det er ein klar føresetnad at avsetningane held fram til 2012 for å dekkja opp utsetjinga i 2004-06.» Denne formuleringa vart tilrådd med 12 mot 3 røyster (SV, V) etter forslag frå Høgre, Kristeleg folkeparti og Fremskrittspartiet.

Fyrtårnprosjekt
I tilrådinga frå fylkesutvalet heiter det at fylkeskommunen vil invitera ulike aktørar til å fremja forslag om større strategisk viktige prosjekt for regional utvikling. Prosjekta skal oppsummerast i ein kortfatta prosjektpresentasjon.
Prosjekt som medverkar til at Hordaland utviklar seg til eit attraktivt og konkurransedyktig fylke vil vera av spesiell interesse, likeeins ulike «fyrtårnprosjekt» der ein kan skapa noko unikt for Hordaland. Prosjekta bør ha medfinansiering frå kommunar eller andre aktørar for å sikre solide prosjekt med høg lokal prioritering, meiner fylkesutvalet.

Cruiseskipskai
Frå 1. januar 2004 skal konsesjonskraftmidlar nyttast til delfinansiering av cruiseskipskai i Hardanger, med ei øvre tilskotsramme på 11 mill. kr. Kva andre prosjekt som skal få tilskot dei næraste tre åra, vert avgjort av fylkestinget i 2004.

Fylkesutvalet går samrøystes inn for at fylkestinget skal be om at det snarast vert lagt fram ei vurdering med sikte på å tilføra Jondalstunnelen midlar frå konsesjonskraftinntekter etter 2006. Forslaget om dette punktet var sett fram i eit fellesforslag frå alle dei seks partia i fylkesutvalet (Ap, SV, SP, V, KrF, Frp og H).

Bjørn Lothe (SV) føreslo at punktet om konsesjonskraftmidlar til Hardangerbrua skal gå ut. Forslaget fekk tre røyster (SV og V) og fall.

Kraftmengde
Hordaland fylkeskommune har no inntekter frå sal av nær 400 GWh konsesjonskraft, som dei næraste åra ser ut til å bli i storleik 27-33 mill kr pr. år.
Hordaland fylkeskommune vil gjere krav på konsesjonskraft frå dei kraftverka der det er tildelt kraft til kommunar i Hordaland, og der kommunen eller fylkeskommunane ikkje alt tek ut denne krafta.

Odda kommune har gjort merksam på at mengde konsesjonskraft tildelt Odda kommune er omlag 40 GWh høgare enn summen av det kommunen og Hordaland fylkeskommune tar ut frå dei same kraftverka. Ein del av kraftverka ligg i kommunar utanfor fylkesgrensa, og rettane til Odda kommune skuldast då at kraftverka nyttar vatn eller reguleringsmagasin frå Odda kommune. Odda kommune foreslår i brevet å nytte denne unytta konsesjonskrafta i ein periode som ei delvis finansiering av naudsynt utviklingsarbeid på området etter Odda smelteverk. Verdien av krafta er av Odda kommune vurdert til omlag 3 mill.kr.

Det kan også for andre kommunar vere meir tilgjengeleg konsesjonskraft enn summen av det fylket og kommunen nyttar. Fylkesrådmannen har starta ein prosess der fylkeskommunen gjer krav på konsesjonskraft frå dei kraftverka der det er tildelt kraft til kommunar i Hordaland, og der kommunen ikkje tar ut denne krafta.

Tidlegare tilskot
For perioden 1987-1999 har konsesjonskraftmidlane vore fordelt mellom Hardangerbru og Folgefonntunnel. I 1999 gjorde fylkestinget eit nytt vedtak for fordeling av midlane fram til år 2010, med 70% til Hardangerbru og fordeling av dei resterande 30% til 3 ulike prosjekt. For to av desse er det sett ein fast øvre sum som vert ferdig utbetalt i 2003 (opprusting Tyssedal kraftstasjon og opprusting vegen Mauranger-Løfallstrand). Det siste prosjektet med opprusting/omlegging av E134 Rullestadjuvet er i ettertid vedteke bompengefinansiert, og er difor ikkje lenger aktuell som mottakar av konsesjonskraftmidlar.

Stanley Hauge

23.11.2003 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart