Innsparte ferjekostnader skal delfinansiere Austevollsbrua

Hordaland fylkesutval rår samrøystes til at sparte ferjesubsidiar skal gå til delfinansiering av Austevollbrua. Fylkesutvalet støttar opplegget med at ei stor ferje innan riksvegferjedrifta skal omrokerast til sambandet mellom Krokeide og Austevoll. Overg

Fylkesutvalet viser til Stortinget si handsaming av revidert nasjonalbudsjett for 2003, der det vart vedteke å gje tilsegn om byggjing av fire nye ferjer. Fylkesutvalet føreset at dei nye ferjene skal nytta naturgass som drivstoff, og m.a sejast inn i sambandet E39 Halhjem-Sandvikvåg. I samband med ei slik fornying av ferjeflåten må ei av dagens storferjer på dette sambandet flyttast til sambandet Rv546 Krokeide-Hufthammar for gjennomføring av det aktuelle opplegget med innsparte ferjekostnader, meiner Hordaland fylkesutval.

I denne saka har fylkeskommunen same synet som Austevoll kommune. Det er Austevoll bruselskap AS som søkjer om delfinansiering av brua. Søknaden er til handsaming i Vegdirektoratet.

Med dagens to ferjer har sambandet Krokeide-Hufthammar ein frekvens på 16. Med ei ferje vert det 11 avgangar kvar veg dagleg. Tida mellom kvar avgang vil auka frå 60 til 90 minuttar.

Stanley Hauge

20.11.2003 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart