Vi treng snarast den fornyinga av ferjeflåten som dei nye gassferjene vil gje. Eg er difor glad for at det i samband med statsbudsjettet vert arbeidd godt i regjering og Storting for ei løysing slik at kontraktar snart kan inngåast, seier fylkesordførar T
Glad
Selsvold Nyborg viser til at fylkeskommunen har hatt kontakt med regjeringa i denne saka som er svært viktig for Hordaland og Vestlandet. – Eg er glad for det fokus samferdselskomiteen i Stortinget har hatt og vil ha på saka fram til endeleg vedtak er gjort, seier fylkesordføraren.
Korte ned reisetida
Trafikkmessig vil dei nye gassferjene korta ned reisetida på E39 Kyststamvegen vesentleg på strekninga Halhjem-Sandvikvåg. Dagens overfartstid på ca. 50 minuttar vert redusert til ca. halvtimen. Og også på E39 over Boknafjorden vil gassferjer vera eit stort pluss.
Miljøgevinst
Gassferjene er eit «vinn-vinn-prosjekt». Det gjev miljøgevinst, stimulerer til utvikling av ny teknologi, fornyar ferjeflåten, og opnar for viktige oppdrag til verftsindustrien som slit med dårleg ordretilgang, seier fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg.
Stanley Hauge