Fylkesutvalet i Hordaland har samrøystes vedteke at fylkeskommunen inngår avtale med HSD Sjø og Osterøy kommune om finansiering av ferjesambandet Breistein – Valestrandsfossen i perioden 1.1.-1.4.2004. Løyvinga frå Hordaland fylkeskommune vert avgrensa ti
Avtalen går ut på at HSD Sjø, Osterøy kommune og Hordaland fylkeskommune dekkjer like stor del av tilskotet til drift av ferja i perioden 1. januar til 30. april neste år, men fylkeskommunen og kommunen sitt ansvar er avgrensa til 200.000 kroner.
Bakgrunnen for saka er at HSD Sjø har varsla at rutelaget ikkje lenger ynskjer å oppretthalda ferjesambandet Breistein-Valestrandsfossen utan tilskot. Då det vil ta noko tid å planleggja erststnignsruter for bussrutene som i dag går frå Osterøy med ferja og til Bergen, er det trong for å halda sambandet i drift minst ut første kvartal 2004.
Stanley Hauge