Brukar kraftpengar og strekkjer underskotsdekking for å skjerma drifta

I det reviderte budsjettopplegget for 2004 føreslår fylkesrådmannen å nytta 24,5 mill. kr i konsesjonskraftinntekter til driftsoppgåver, å redusera inndekkinga av 2002-underskotet med 7 mill. kr ved å strekkja inndekking over tre år, å utsetja styrking a

I høve til fylkesrådmannen sitt budsjettgrunnlag frå 6. oktober må fylkeskommunen kutta 59 mill. kr for å få balanse i 2004-budsjettet. Med forslaga som er nemnde ovanfor, vert 46 mill. kr dekka. Dei resterande 13,1 mill. kr føreslår fylkesrådmannen å venta med avgjerd om til fylkestinget i mars 2004.

Fylkesrådmannen er uroa over at det ser ut til at fylkeskommunen vil få 40 mill. kr mindre i momsrefusjon enn det statsbudsjettet legg til grunn. Like eins har staten etter fylkesrådmannen si vurdering sett uttrekket for bortfall av elavgift ca. 3 mill. kr høgare enn det som er reelt. Det for store momsuttrekket ventar fylkesrådmannen vert retta opp frå sentralt hald. I fall det ikkje skjer, vil Hordaland fylkeskommune måtta finna dekking for desse ca. 40 mill. kr på toppen av dei 13 mill. kr fylkesrådmannen føreslår å venta med avgjerd om til mars neste år.

Trippel 40-millionars problem
40-millionars-smellane ser ut til å melda seg i tre variantar i samband med 2004-budsjettet. Først rauk 40 mill. kr i inntekter på grunn av oppdatering av øybuarkriteriet i rammefinansieringssystemet. Så gav statsbudsjettet ein svikt på 40 mill.kr i høve til budsjettgrunnlaget frå 6. oktober. På toppen av dette ligg det eit problem på 40 mill. kr i samband med den nye momskompensasjonsordninga.

I budsjettgrunnlaget la fylkesrådmannen til grunn at regjeringa ville følgja opp den styrkinga av kommunesektoren som Stortinget vedtok i juni. Det skjedde ikkje og dermed «forsvann» 30 mill. kr i inntekter for Hordaland fylkeskommune. I tillegg vart det ytterlegare svikt på 10 mill. kr då regjeringa fordelte midlane mellom kommunar og fylkeskommunar annleis enn det som var varsla tidlegare (kommuneøkonomiproposisjonen).

Tiltak i treårsperspektiv
Økonomiplanen viser at Hordaland fylkeskommune vil ha særleg store problem dei næraste tre åra. Fylkesrådmannen føreslår difor ein del tiltak med verknad for dei tre komande åra. I tillegg vil det vera nødvendig med meir kortsiktige tiltak.

Konsesjonskraftpengar
Fylkesrådmannen føreslår at 20 mill. kr av konsesjonskraftinntektene som fylkestinget har vedteke skal gå til Hardangerbrua, vert nytta i drifta for kvart av åra 2004-06. For same periode føreslår han også at 4,5 mill. kr av dei kraftinntektene som kan disponerast til andre prosjekt enn Hardangerbrua, skal gå til drifta. Av venta kraftinntekter på 29 mill. kr i 2004 vil såleis 24,5 mill. kr verta nytta til å oppretthalda drift.

Fylkestinget sitt vedtak om at Hardangerbrua skal få 70 % av fylkeskommunen sine konsesjonskraftinntekter til og med 2009, skal innfriast, slår fylkesrådmannen fast. Det skal skje ved at tidsrommet for 70%-regelen vert lengd i tre år, til og med 2012.

I ei eiga sak til fylkestinget i desember vil det verta føreslege korleis konsesjonskraftinntektene skal fordelast. Av dei 30 % som går til andre prosjekt enn Hardangerbrua, føreslår fylkesrådmannen at berre halvparten (15 % av dei samla kraftinntektene) skal fordelast i 2004. Dermed vil 4,5 mill. kr vera disponible til fordeling for neste år.

Underskots- og likviditetsdekking
Fylkeskommunen hadde i 2002 underskot på 42,1 mill. kr. Planen har vore å dekka dette i 2004-05. No føreslår fylkesrådmannen dekking over tre år, med 14 mill. kr kvart av åra 2004-06.
Fylkestinget vedtok i oktober 2003 å styrkja likviditetsreserven med 55 mill. kr over ein tiårsperiode. I budsjettgrunnlaget var dette følgd opp med 5 mill. kr i 2004. No er forslaget å venta med første løyving til 2007, ei utsetjing på tre år.

Innsparingar og driftskutt
Fylkesrådmannen føreslår i det reviderte budsjettgrunnlaget innsparingar og kutt i driftsutgiftene på 9,5 mill. kr.
Innan kultursektoren skjer det store omleggingar med museumsfinansieringa. Musea under den offentlege tilskotsordninga har til no, med eit par unnatak, fått tilskota over fylkesbudsjettet mot at fylkeskommunen har fått statsmidlane og refusjon frå kommunar der det er avtala. Frå 2004 går 70 prosent av statstilskotet direkte til musea.
I samband med omlegginga budsjetterer fylkesrådmannen med ei netto innsparing på 1,52 mill. kr. Årsaka til innsparinga er at tillegget til musea for løns- og prisvekst vert lågare med det nye opplegget med direkte statstilskot.
Fylkesrådmannen føreslår å auka tilskotet til Edvard Grieg Museum Troldhaugen med 150 000 kr meir enn det som var ført opp i budsjettgrunnlaget. Løyvinga til Troldhaugen vert såleis 250 000 kr større enn i år, og samla løyvinga for 2004 er ført opp med 1 287 000 kr.

Innan kultur vert elles budsjettet til fylkesbiblioteket redusert med 0,5 mill. kr og budsjettposten til andre kulturføremål vert også redusert med 0,5 mill. kr i høve til budsjettgrunnlaget frå 6. oktober.

Innan opplæring føreslår fylkesrådmannen å auka løyvinga til ekstern spesialundervisning med 4 mill. kr i tillegg til auken på 5 mill. kr som var lagt inn i budsjettgrunnlaget. Det vert gjort fordi kostnadene på dette feltet i 2002 var 10 mill. kr over budsjettet og det ligg an til stor overskriding også i år.
Det er ikkje føreslege nye kutt innan opplæring i høve til opplegget i budsjettgrunnlaget.

Budsjettet til tannhelsetenesta vert redusert med 1 mill. kr til 175,9 mill. kr.

Løyvinga til næringsføremål vert redusert med vel 2,6 mill. kr. 0,6 mill. kr gjeld strategisk næringsplan og 2,0 mill. kr posten tilskot til andre næringsføremål. Den sistnemnde summen gjeld SNU (Samspelforum for næringsutvikling i Sunnhordland). For 2004 føreslår fylkesrådmannen at SNU skal få løyving av midlane til regional utvikling og nyskaping.

I fylkesadministrasjonen føreslår fylkesrådmannen reduksjon på 2,0 mill. kr i tillegg til 2,75 mill. kr som var lagt som innsparing i budsjettgrunnlaget. I samband med at fylkeskommunen har kjøpt Fylkeshuset, reknar fylkesrådmannen med 1,5 mill. kr i mindre utgifter til administrasjonslokala.

Takstauke
Fylkesrådmannen er i dialog med rutelaga om konsekvensane av den nye momsordninga for persontransport som statsbudsjettet legg opp til skal setjast i verk frå 1. mars 2004. Det er enno for tidleg å seia kva effekten vert her i fylket. Fylkesrådmannen og rutelaga er samde om at ei eventuell innsparing som følgje av momsordninga skal koma trafikkantane til gode.
Førsetnaden om takstauke på 2,5 % frå 1. januar 2004 frå budsjettgrunnlaget, står ved lag – men vil verta vurdert av fylkesrådmannen i dei avklåringar som skal gjerast i samarbeid med selskapa.

Investeringane
Fylkesrådmannen har ikkje føreslege endringar i investeringsbudsjettet i høve til budsjettgrunnlaget av 6. oktober. For 2004 er det ført opp investeringar på 157,6 mill. kr.

Det reviderte budsjettopplegget for 2003

Stanley Hauge

03.11.2003 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart