Bergen kommune og Hordaland fylkeskommune opnar familiesenter i Årstad bydel

Onsdag 26. november klokka 12.00 opnar det nye familiesenteret i Årstad bydel, Klaus Hanssensv. 16. Senteret er eit samarbeidsprosjekt mellom Bergen kommune og Hordaland fylkeskommune.

Årstad familiesenter skal arbeida for å styrkja foreldrekompetansen i familiar der barnevernet har vurdert fare for at barn må plasserast utanfor heimen. Ved at ein aukar foreldrekompetansen vil fleire barn få bli i sine familiar. Dette vil på sikt også kunna redusera trongen for institusjonsplassar og dermed frigjera meir midlar til førebyggjande arbeid. Denne arbeidsmåten er langt mindre dramatisk, både for barn, foreldre og hjelpeapparat.

Årstad bydel har eit høgt tal tiltak retta mot familiar med små barn, og familiesenteret i bydelen vil difor prioritera å arbeida mot familiar med barn mellom 0 og 12 år. Ein stor del av arbeidet til Årstad familiesenter vil skje i familiane og i deira nærmiljø.

Oppbygginga av senteret og utvikling av arbeidsform har skjedd i nært samarbeid mellom Bergen kommune og Hordaland fylkeskommune. Målet er å utvikla ein samarbeidsmodell som med mindre justeringar kan overførast til andre bydelar. Denne arbeidsmodellen kan bli både eit supplement, men også ein erstatning for nokre av dei etablerte barneverntiltaka.

Årstad familiesenter vil ha 15 tilsette.

Nils Marton Aadland

21.11.2003 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart