Hordaland fylkesutval rår til at Radøy kommune får høve til auka forskotteringa til utbetring av fylkesveg 409 frå Lundåsen og utover mot Bøvågen. I juni 2002 godkjende fylkestinget at Radøy fekk forskottera 2 mill. kr til denne vegopprustinga, i tillegg
Fylkestinget avgjer saka på møte 9.-10. desember.
Standarden på vegen Lundsåsen-Bøvågen er så dårleg at den ikkje kan trafikkerast av vogntog. Vegen er hovudvegsamband for havbruksnæringa og anna næringsverksemd i denne delen av Radøy.
Då fylkestinget godkjende forskotteringa i 2002 var den totale kostnadsramma fem millionar kroner. No er det kome ny søknad frå Radøy kommune med utvida kostnadsramme på 9,5 millionar kroner. Difor søkjer kommunen om utvida forskottering. Dei auka kostnadene på 4,5 mill. kr skal i tillegg til den kommunale forskotteringa dekkast med 1 mill. kr frå det regionale kompensasjonsfondet i Nordhordland og 1 mill. kr frå fylkeskommunen.
Av den samla finansieringa på 9,5 mill. kr vert då 4,5 mill. kr forskottering frå Radøy kommune, 1 mill. kr tilskot frå Radøy kommune, 2 mill. kr frå det regionale kompensasjonsfondet og 2 mill. kr frå fylkeskommunen. Fylkeskommunen si løyving er sett av på fylkesvegbudsjettet for i år.
Tidspunktet for når fylkeskommunen skal betala ut refusjon til Radøy kommune, rår fylkesutvalet til skal verta fastsett i samband med revisjonen av fylkesvegplanen for 2006-201
Stanley Hauge