Alle elevane i 5.-7. klasse i Kvinnherad har, saman med lærarane sine, vitja Troldhaugen og Bergen sentrum for konsertoppleving og museumsbesøk. Totalt var dette 630 elevar og lærarar i 14 bussar frå alle skulane i sunnhordlandskommunen.
Dette var eit kjempeløft i regi av Den kulturelle skolesekken i Hordaland, Den kulturelle nistepakken i Kvinnherad og Fylkeskonsertane.
På Troldhaugen fekk elevane omvising i villaen og utandørs. Etterpå vart dei inviterte til Greig-konsert i Troldsalen med pianisten Geir Botnen, fiolinisten Kristina Ebbersten og songaren Rhoda Achieng Ondeng. Bergensturen omfatta og vitjing og omvising i Vestlandske kunstindustrimuseum og Bergen kunstmuseum.