Hordaland fylkesutval har vedteke justeringar i klassetilbodet ved dei vidaregåande skulane i Hordaland frå skuleåret 2004-2005. Det vert oppretta 38 klassar og lagt ned 18 klassar. Netto auke i klassetalet vert 20 klassar og ein auke i elevplassar på 2
I 2004 er det venta ein auke i elevtalet på 568 i Bergen m/omegn. Oppretting av 20 klassar kostar hausten 2004 kr. 7 770 726,- I årsbudsjettet for 2004 er det lagt inn 8 mill. kr til å møta elevveksten. Auken i talet på 16 åringar var for noverande skuleår 275.
Fylkesutvalet ber om å få fram sak om trebåtbyggjarlinja der og spørsmålet om ei slik linje ved Norheimsund vidaregåande skule vert utgreidd med tanke på lokalisering i Norheimsund. Det må i dette høve vurderast om det vil vera truleg å endra struktur for opplæringa i retning av eit Opplæringssenter for maritime handverk. Dette punktet vart vedteke med åtte (H, Frp, Krf) mot sju (Ap, SV, V, SP) røyster.
Mindretalet støtta eit forslag frå Mette Holmefjord Olsen (SV) på dette punktet. Ho føreslo at fylkesutvalet skulle vedta å stå fast på vedtaket frå mai 2003 om å søkja breitt samarbeid for å kunna vidareføra og styrkja tradisjonane og opplæringa i desse i båtbyggjaropplæringa. På den bakgrunn er det ikkje ønskjeleg å starta ein annan prosess no. Spørsmål om lokalisering av ei slik opplæring må sjåast i lys av dei tradisjonane Jondal har her og fylkeskommunen sitt engasjement i Jondal, heitte det i forslaget som fall.
Eit forslag frå Arbeidarpartiet om nye klassar ved Øystese gymnas, Austrheim vidaregåande skule og Knarvik vidaregåande skule fekk sju røyster (Ap, SV, Sp og V) og fall.
Stanley Hauge