Vurderer Tanksutbygging på nytt

Spørsmålet om nybygg ved Tanks videregående skole må sjåast i samband med vurdering av om skular i Bergen sentrum skal slåast saman og at planen for skuleutbygging skal vurderast på nytt, har Hordaland fylkestinget vedteke. Vedtaket vart gjort med 60 mot

Tanks videregående skole er ein av skulane som står på prioriteringsplanen for tilbygg, men det har vist seg vanskeleg å skaffa tomt. I samband med at fylkesrådmannen har bede om fullmakt til å forhandla med Pallas A/S om tomt, har fylkestinget vedteke at ein skal sjå utbyggingsplanen ved skulen i samanheng med den komande vurderinga om å slå saman fleire vidaregåande skular i Bergen.

Fylkestinget har godkjent at fylkesrådmannen skal forhandla med Pallas A/S om sikring av areal til Tanks videregående skole. Dette punktet vart samrøystes vedteke, etter at 4 SV-representantar først hadde røysta for eit eige forslag om at det ikkje skal forhandlast med Pallas før ny prioriteringsplan for utbygging ligg føre.

Stanley Hauge

11.03.2003 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart