Dei vidaregåande skulane i Hordaland som fekk strokne overskota sine i 2001 skal få desse tilbakebetalt i år, har Hordaland fylkesting vedteke. Ti skular får dermed ei reell styrking av budsjetta med til saman vel 4,3 millionar kroner. I tillegg får sju s

På biletet Voss gymnas som får om lag 220.000 kroner.
Etter fylkestinget sitt vedtak vil følgjande skular få slik reell budsjettstyrking i 2003:
Fana gymnas kr 73.143
Voss gymnas kr 219.399
Bergens handelsgymnasium kr 177.069
Arna yrkesskule kr 343.472
Stord yrkesskule kr 1.929.476
Fitjar vidaregåande skule kr 14.184
Bergen maritime vgs. kr 547.380
Stend jordbruksskule kr 271.271
Sjukehusundervisningen kr 652.162
Valekrossen kr 145.607
Nokre av skulane som hadde overskot i 2001 har underskot i 2002. Fylkestinget har vedeteke at overskot frå 2001 kan avreknast mot underskot i 2002. Dette gjeld følgjande skular og summar:
Fana gymnas kr 206.586
Osterøy vidaregåande skule kr 17.260
Stord vidaregåande skule kr 134.925
Rubbestadnes yrkesskule kr 49.336
Stord yrkesskule kr 524.342
Bjørgvin videregående skole kr 493.257
Bergen maritime vgs. kr 235.815
I fylkestinget sitt vedtak vert det presisert at ordninga med at skular og institusjonar får behalda overskot, skal halda fram. Like eins heiter det at når rekneskapssituasjonen for fylkeskommunen gjer det nødvendig å stryka fondsavsetjingar, vil ein gje kompensasjon for dette i seinare budsjett.
Terje Søviknes (Frp) føreslo at lovnaden om å gje kompensasjon skulle seiast endå sterkare. Han føreslo punktet formulert slik:
«Når rekneskapssituasjonen for fylkeskommunen gjer det nødvendig å stryka fondsavsetjingar, vil ein så snart som mogleg gje kompensasjon for dette i seinare budsjett.»
Dette forslaget fekk 32 røyster (13 H, 7 Frp, 4 uavh, 1 Ap, 3 SV, 4 Krf) og fall.
Les heile pressemeldinga frå fylkestinget 11. mars 2003
Stanley Hauge