Vidaregåande skular får tilbake fondsmidlar

Dei vidaregåande skulane i Hordaland som fekk strokne overskota sine i 2001 skal få desse tilbakebetalt i år, går Hordaland fylkesutval inn for. Ti skular får dermed ei reell styrking av budsjetta med til saman vel 4,3 millionar kroner. I tillegg får sju

På biletet Stord yrkesskule som får nesten to millionar kroner.

Etter opplegget som fylkesutvalet går inn for, vil følgjande skular får reell budsjettstyrking i 2003:
Fana gymnas kr 73.143
Voss gymnas kr 219.399
Bergens handelsgymnasium kr 177.069
Arna yrkesskule kr 343.472
Stord yrkesskule kr 1.929.476
Fitjar vidaregåande skule kr 14.184
Bergen maritime vgs. kr 547.380
Stend jordbruksskule kr 271.271
Sjukehusundervisningen kr 652.162
Valekrossen kr 145.607

Nokre av skulane som hadde overskot i 2001 har underskot i 2002. Fylkesutvalet meiner at overskot frå 2001 kan avreknast mot underskot i 2002. Dette gjeld følgjande skular og summar:

Fana gymnas kr 206.586
Osterøy vidaregåande skule kr 17.260
Stord vidaregåande skule kr 134.925
Rubbestadnes yrkesskule kr 49.336
Stord yrkesskule kr 524.342
Bjørgvin videregående skole kr 493.257
Bergen maritime vgs. kr 235.815

Ordninga med at skular og institusjonar har fått behalda driftsoverskot, og sjølve har måtta dekkja underskot, har fylkeskommunen praktisert sidan 1994. Overskot har vorte sett av til disposisjonsfond. Etter rekneskapsforskriftene kan ikkje fylkeskommunen setja av til disposisjonsfond når fylkesrekneskapen samla har underskot, og store underskot var nettopp situasjonen i åra 1999-2001. Skular og institusjonar som fekk stroke overskota sine i 1999 og 2000, fekk i 2001 styrka budsjetta sine med summar tilsvarande dei strokne midlane. Etter fylkesutvalet si tilråding skal skular som i 2001 fekk inndrege overskot få kompensasjon for dette i år.

Inndraging av avsette fondsmidlar har skapt uvisse på skulane. Mot slutten av 2002 såg ein tendensar til at skular som hadde midlar att på budsjettet, gjorde store innkjøp. I saksutgreiinga skriv fylkesrådmannen at han difor ser det som viktig å gjenoppretta tilliten til at skulane får ha dei innsparte midlane.

Denne saka vert endeleg avgjort av fylkestinget på møtet 11.-12. mars.

Stanley Hauge

06.03.2003 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart