Komiteen som står bak konferansen om det fleirkulturelle samfunnet er: Monica Håkansson, Bergen kommune (bak f.v.) Ingvild Hjelmtveit, Fylkesmannen og Svein Ramung, Helse Bergen. Framme prosjektleiar Liv Tvilde Laading, Hordaland fylkeskommune og rådgjevar Ingvald Bastesen. Innfelt fylkesrådmann Paul M. Nilsen. (foto: Bjarte Brask Eriksen)
Ansvar
- Som offentlege instansar har vi eit ansvar for tilrettelegging og utforming av eit inkluderande samfunn. Hordaland fylkeskommune har teke denne utfordringa, skriv fylkesrådmann Paul M. Nilsen i invitasjonen til konferansen ”Vestlandet – eit fleirkulturelt samfunn”. Bak konferansen står dei tre forvaltingsnivåa representert ved Fylkesmannen i Hordaland, Statens utdanningsdirektør, Helse Bergen, Hordaland fylkeskommune, Bergen kommune og Kommunenes Sentralforbund, Hordaland.
Integreringsdebatt
Konferansen blir skipa til på Hotell Norge, Bergen 25. og 26. mars 2003 og skal vere med på å bygge opp ny kompetanse om det fleirkulturelle samfunnet i Hordaland. Aktuelt tema er mellom anna den pågåande integreringsdebatten, og vi får høyre innvandrarar fortelje om sine røynsler.
Konferansen set søkelyset spesielt på oppvekst og skule. Er dei eit resultat av samfunnet eller omvendt? Korleis blir vaksne deltakarar i samfunnet påverka av sin oppvekst og skulegang? Korleis blir barn og unge påverka av samfunnet vi lever i, kultur og tradisjonar.
Den andre av tre
Dette er den andre av tre konferansar om det fleirkulturelle Vestlandet. Den første (for eitt år sidan) omhandla arbeid og arbeidsmiljø og samla rundt 150 deltakarar. Neste konferanse går våren 2004 og går på helsefaglege utfordringar.
Fleire tiltak
Dei årlege konferansane er eitt av fleire tiltak for å skape eit inkluderande samfunn i Hordaland. Fylkeskommunen var tidleg ute med å lage handlingsplan for asylsøkjarar og flyktningar (1998). Dette resulterte i den såkalla Hordalandsmodellen, ein unik plan for å skulere offentleg tilsette i korleis dei skal ta i mot folk frå framande kulturar. Sidan 1999 er det gjennomført 13 kurs. I år blir det skipa til seks basiskurs og to oppfølgingskurs. I tillegg er det skipa eigne kurs for etatar som Bergen Parkeringsselskap, Bergen Legevakt, etc. Trongen for vidare skulering har resultert i studiefaget ”Norge som innvandringsland” ved Universitetet i Bergen som no tilbyr to studium, kvart på fem vekttal. Det fjerde kullet med studentar er no i ferd med å gjennomføre dette studiet.
Stor utfordring
- Å skape eit godt og inkluderande samfunn for alle i samsvar med statlege, fylkeskommunale og kommunale retningsliner for integrering av flyktningar og asylsøkjarar, er utan tvil ei stor utfordring. Det set krav både til oss som bur her og dei som kjem hit som flyktningar og asylsøkjarar, seier fylkesrådmann Paul M. Nilsen.
Nærmare opplysningar om konferansen(pdf-fil)