Hordaland fylkesting har godkjent fellessøknaden frå Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane fylkeskommunar om forsøk med regionalpolitisk overtaking av statlege oppgåver innanfor vegsektoren. Fylkestinget sluttar seg også til opplegget om at fylkeskommun
Vedtaket vart gjort mot 11 røyster (Frp, RV og uavh.).
Søknaden legg til grunn ei overtaking av følgjande statlege oppgåve- og ansvarsområde innanfor vegsektoren:
· Planansvar for aktuelle tiltak på heile det øvrige riksvegnettet i forsøksområdet
· Endeleg prioriteringsansvar for tiltak på det tilsvarande vegnettet
· Driftsansvaret for alle riksvegferjene (inkl. stamvegferjene) i forsøksområdet
Søknad om forsøk på overføring av statlege transport- og samferdselsoppgåver til regionalt nivå må sjåast i samanheng med fylkeskommunen si nye rolle som regional utviklingsaktør og etablering av Vestlandsrådet som felles organ for fylkeskommunane på Vestlandet. Med grunnlag i dette legg søknaden opp til overføring av statleg avgjerdsmakt innanfor samferdselsområdet til fylkeskommunane som delvis delegerer denne avgjerdsmakta vidare til eit felles regionalt nivå - Vestlandsrådet.
Vestlandsrådet inkluderer fylkeskommunane Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Søknaden omfattar berre fylkeskommunane Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland, som er samanfallande med Vegetaten si nye regioninndeling (region Vest), noko som medfører at Møre og Romsdal fylkeskommune berre vil ha observatørstatus i saker som er knytte til forsøket.
Hovudmål for forsøket er å styrkje det regionalpolitiske grepet ved at transportpolitiske vedtak vert overteke som eit regionalpolitisk organ. Delmåla er å bidra til å utforma ein felles og samordna politikk for landsdelen gjennom Vestlandsrådet, bidra til at omorganiseringa og regionaliseringa innanfor Statens Vegvesen får regionalpolitiske gevinstar, og bidra til å styrke vilkåra for heilskapleg planlegging, prioritering og utvikling av transporttilbodet i landsdelen på tvers av ulike sektorgrenser, heiter det i søknaden.
Stanley Hauge