Ca. 5 mill. kr til ombyggingsarbeid ved dei vidaregåande skulane i fylket er fordelt av fylkesutvalet. Det største einskildprosjektet et verkstadbygg ved Bergen yrkesskole (biletet).
Bergen yrkesskole sitt verkstadsbygg for overflatebehandling skal flyttast frå leigde lokale på Damsgård til lokale ved skulen. Prosjektet er kostnadsrekna til 5,3 mill. kr. Av denne summen rår fylkesutvalet til at 2,3 mill. kr skal løyvast i år og 3 mill. kr i 2004. På grunn av at årets løyving føreset restløyving i 2004, går saka til fylkestinget til endeleg avgjerd. Det skjer i juni.
Fylkesutvalet har løyvd midlar til ombyggingsprosjekt ved desse skulane: Sandsli videregående skole 300 000 kr til leskur, verkstad og lager. Langhaugen videregående skole 475 000 kr til ny dansesal. Bjørgvin videregående skole 620 000 kr til ombygging av administrasjons- og personalrom. Fyllingsdalen videregående skole 125 000 kr til lagerrom. Fiskarfagskulen i Austevoll 300 000 kr til toalettanlegg og bosrom. Odda vidaregåande skule 180 000 kr til diverse ombyggingstiltak. Os gymnas 100 000 kr til lagerrom. Krohnsminde videregående skole 80 000 kr til ominnreiing teiknesal. Øystese gymnas 90 000 kr til ombygging for 4-ar grupper. Stord vidaregåande skule 200 000 kr til ombygging av kontor.

Stanley Hauge